St.prp. nr. 10 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments-og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

EØS-komiteen vedtok at følgjande vert føyd til i punkt 18a (rådsforordning (EF) nr. 577/98) i vedlegg XXI til EØS-avtala.

«som endra ved:

  • 32002 R 1991: - Europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 av 8. oktober 2002 (EFT L 308 av 9.11.2002, s. 1)»

Vidare er det nemnt i artikkel 3 at avgjerda skal ta til å gjelde 17. mai 2003, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala. Ei tilføying om at Noreg seinast 23. desember 2003 skal ha sett i verk dei tiltaka som er naudsynte for å etterleve forordninga, vart stroken i den endelege avgjerda.