St.prp. nr. 10 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments-og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Statistisk sentralbyrå har gjennom statistikklova av 16. juni 1989 fått i oppgåve å vere det sentrale organet for utarbeiding og spreiing av offisiell statistikk. Som ein del av dette har Statistisk sentralbyrå hovudansvaret for internasjonalt statistikksamarbeid. Med omsyn til EØS-samarbeidet vil dette seie at Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret for oppfølginga av protokoll 30 i EØS-avtala og dei tilhøyrande pliktene som er fastsette i mellom anna vedlegg XXI.

Dei omleggingane som forordninga krev, vil føre til auka kostnader for Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at ho samla vil krevje 4 mill. kr i 2004, 3,5 mill. kr i 2005 og 2,6 mill. kr kvart år frå og med 2006. Dei auka kostnadene vert dekte innanfor dei ordinære budsjettrammene til Statistisk sentralbyrå (kap. 1620).

Framlegget medfører ikkje vesentlege administrative konsekvensar.