St.prp. nr. 10 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd iEØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments-og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet

Til innhaldsliste

6 Vurdering og tilråding

Gjennomføringa av arbeidskraftundersøkingane i forordninga vil gjere det mogleg å samanlikne norsk statistikk og EU sin statistikk. Samstundes som statistikktilbodet frå arbeidskraftundersøkingane vert større for brukarar i Noreg, vil inkludering av fleire variablar føre til at Noreg kjem med i fleire analysar som vert gjorde internasjonalt. Arbeidskraftundersøkinga vert difor rekna som ein viktig del av EØS-samarbeidet.

Finansdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerd i EØS-komiteen nr. 60/2003 av 16. mai 2003 om endring av vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1991/2002 om arbeidskraftundersøkingar i Fellesskapet.

Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.