St.prp. nr. 11 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 64/2006 av 2. juni 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Hovudinnhaldet i direktivet

Direktivet stiller minstekrav til grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning for yrkessjåførar av visse typar tyngre køyretøy. Desse krava kjem i tillegg til kravet om førarrett.

Direktivet gjer greie for kva slags emne sjåførane skal ha opplæring i, medrekna trafikktryggleik, miljøvennleg køyring, sikring av last, handsaming av fraktkontraktar, toll- og spedisjonsdokument og anna yrkesrelevant regelverk.

Direktivet omfattar førarar av køyretøy i klassane C1, C1E, C, CE og D1, D1E, D, DE. Dette er ulike klassar av buss og lastebil.

Direktivet rettar seg mot yrkestransport. Førarar av køyretøy som ikkje vert nytta i næringsverksemd, er dermed ikkje omfatta av krava. Det vert òg gjeve visse andre unntak, m.a. for førarar av køyretøy med ein høgste tillatne fart på 45 km/t, og for førarar av køyretøy som vert nytta i naud- og redningsaksjonar.

Opparbeidde rettar

Yrkessjåførar med førarkort i klassane D1, D1E, D og DE (bussklassane) som er utferda før 10. oktober 2008, eller førarkort i klassane C1, C1E, C og CE (lastebilklassane) som er utferda før 10. oktober 2009, er ikkje omfatta av føresegnene om grunnleggjande kvalifikasjonskrav i direktivet.

Etterutdanningskravet gjeld likevel for desse, utan omsyn til når førarkortet er utferda.

Grunnleggjande kvalifikasjonar

Medlemsstatane kan velje mellom ulike løysingar/modellar for å gjennomføre krava om grunnleggjande kvalifikasjonar i direktivet: anten 280 timar undervisning med ei avsluttande teoretisk prøve (timemodellen) eller relativt omfattande teoretiske og praktiske prøver utan føregåande obligatorisk undervisning (prøvemodellen).

I tillegg kan medlemsstatane innføre ein komprimert variant med 140 timar undervisning, med avsluttande prøve. Denne modellen vil gje litt meir avgrensa rettar for sjåførar mellom 18 og 23 år.

Etterutdanning

For å halde ved lag yrkessjåførkompetansen skal den einskilde sjåføren gjennomføre etterutdanning i kvar påfølgjande femårsperiode. Utdanninga skal ta utgangspunkt i emnelista i direktivet, men skal òg tilpassast dei faglege behova som den einskilde har.

Utdanningsinstitusjonar

Styresmaktene må godkjenne dei lærestadene som skal gje opplæring etter innhaldet i direktivet. For å få slik godkjenning må lærestadene tilfredsstille faglege, pedagogiske og administrative krav.

Prov på tileigna kvalifikasjonar

Det skal utferdast eit kvalifikasjonsprov for gjennomført utdanning. Yrkessjåførar må ha dette provet for å kunne utøve sjåføryrket.

Dette provet kan utferdast på to ulike måtar: anten ved avmerking av ein særskilt fellesskapskode på baksida av førarkortet, eller som eit særskilt prov for yrkessjåførar.

Medlemsstatane pliktar òg å utferde eit slikt prov til borgarar som ikkje er statsborgarar i ein EØS-stat, men som er tilsette i eller vert nytta av eit føretak som er etablert i EØS-området.

Provet skal godkjennast ymsesidig mellom EØS-statane.