St.prp. nr. 11 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 64/2006 av 2. juni 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar

Til innhaldsliste

4 Gjennomføring av direktivet i norsk rett

For å gjennomføre direktivet i norsk rett, må heimelen til å påleggje utdanning gå fram av lov. Det vil verte gjort lovframlegg om at den som skal føre motorvogn mot vederlag, må tilfredsstille krav til grunn- og etterutdanning der Samferdselsdepartementet krev dette. Det vil verte gjort framlegg om at Samferdselsdepartementet kan gje nærmare føresegner om utdanninga.

Samferdselsdepartementet vil leggje fram ein Ot.prp. med framlegg til lov om endring i vegtrafikklov av 18. juni 1965 nr. 4 om dette. Den vidare gjennomføringa av direktivet, t.d. val av modell for opplæring, vil finne stad ved fastsetjing av forskrift.