St.prp. nr. 11 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 64/2006 av 2. juni 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

EØS-komiteen vedtok 2. juni 2006 i avgjerd nr. 64 at vedlegg XIII, Transport, til EØS-avtala skal endrast ved innlemming av direktiv 2005/59/EF om grunnleggjande kvalifikasjons- og etterutdanningskrav for førarar av visse køyretøy som vert nytta til person- eller godstransport.

Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ein fortale og fire artiklar.

Artikkel 1 slår fast at følgjande endringar vert gjorde i vedlegg XIII til avtala:

Etter nr. 36 (rådsforordning (EØF) nr. 3572/90, oppheva) skal nytt nr. 37 lyde: «37. 32003 L 0059: europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar, om endring av rådsforordning (EØF) nr. 3820/85 og rådsdirektiv 91/439/EØF og om oppheving av rådsdirektiv 76/914/EØF (EUT L 226 av 10.9.2003, s. 4)».

Deretter følgjer tilpassingstekst i to punkt der a) gjeld dei spesielle tilhøva som følgjer av den avgrensa storleiken til Liechtenstein, og der b) viser til at nasjonalitetsmerka på kvalifikasjonsprova for EØS-statane skal følgje det som går fram i FN-konvensjonen for vegtrafikk (N, FL og IS), og deretter tilpassingar som er naudsynte av omsyn til dei to EØS-språka islandsk og norsk (både bokmål og nynorsk).

Artikkel 2slår fast at teksta til direktivet på islandsk og norsk skal vere gyldige og kunngjerast i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 3 seier at avgjerda tek til å gjelde 3. juni 2006, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.