St.prp. nr. 13 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordninga inneheld nye materielle reglar om handheving av forbrukarvernlovgjeving som er basert på fellesskapsregelverket. Bakgrunnen for forordninga er at Europakommisjonen i oktober 2001 la fram ei grønbok om forbrukarvern (KOM (2001) 531 endeleg utgåve) . Grønboka drøftar kor naudsynt det er med nye materielle regler når det gjeld urimeleg handelspraksis og ei meir effektiv handheving av forbrukarvernlovgjevinga. Som eit ledd i oppfølginga av grønboka gjorde Europakommisjonen framlegg om forordninga i juli 2003, og 27. oktober 2004 vart ho vedteken av Europakommisjonen og Europaparlamentet.

Hovudinnhaldet i forordninga er:

  • Plikt til å etablere offentlege handhevingsstyresmakter («rette styresmakter»).

  • Plikt til å utstyre desse med bestemte hand­hevingsverkemiddel, m.a. rett til å hente inn opplysningar som er naudsynte, utføre kontrollar på staden, leggje ned forbod mot lovstridige handlingar og fastsetje økonomiske sanksjonar ved brot på reglane, ev. ved brot på forbodsvedtak.

  • At handhevingsstyresmaktene skal utveksle relevant informasjon om lovstridige handlingar, både på eige initiativ og på førespurnad frå styresmaktene i andre statar.

  • At styresmaktene skal hjelpe kvarandre ved undersøkingar med sikte på å setje i verk tiltak og gjere forbodsvedtak.

  • Etablering av eit sentralt kontaktorgan i kvar stat. Samarbeidet mellom styresmaktene skal samordnast og kommuniserast gjennom desse kontaktpunkta.

  • Informasjon om samarbeidet skal leggjast inn i ein database som er tilgjengeleg berre for handhevingsstyresmaktene, og som skal administrerast av Europakommisjonen.

  • Etablering av ein komité m.a. for handsaming av spørsmål som oppstår i samband med bruken av forordninga. Komiteen vart skipa i starten av 2006 og omfattar representantar frå Europakommisjonen og styresmaktene i medlemsstatane. EØS-EFTA-statane er òg inviterte til møte, men har ikkje stemmerett. Komiteen fungerer som eit forum for analyse, tilsyn, problemløysing og ikkje-lovgjevingsmessige tiltak.

I eit vedlegg til forordninga er det ført opp 15 direktiv og forordningar som gjeld forbrukarvern. Det er berre dei nasjonale føresegnene som gjennomfører desse direktiva og forordningane, og som har som mål å verne dei kollektive interessene til forbrukarane, som er omfatta av samarbeidet. Noreg har gjennomført alle dei 15 direktiva og forordningane i ei rekkje ulike lover og forskrifter som høyrer inn under ulike sektorar. Mellom anna er område som marknadsføring av kreditt, regulering av reklame både i kringkastings-, tobakks-, lækjemiddel- og alkoholregelverket, forbrukarkontrakter som er inngått utanfor fast utsalsstad og generelle reglar om villeiande marknadsføring, omfatta.

Forordninga gjeld berre for grenseoverskridande saker. Lovbrotet må ramme forbrukarar med bustad i ein annan medlemsstat enn der lovbrotet har funne stad, eller der ansvarleg næringsdrivande for lovbrotet er etablert eller der provmaterialet for lovbrotet finst. Eit praktisk døme kan vere at spanske time-sharetilbydarar opererer på den norske marknaden og tilbyr kontraktar som er i strid med direktiv 94/47/EF om vern av kjøparen ved inngåing av time-sharekontraktar.

Forordninga tok til å gjelde innanfor EU 29. desember 2005. Føresegnene om ymsesidig hjelp, dvs. det praktiske samarbeidet mellom handhevingsstyresmaktene, skal gjennomførast frå 29. desember 2006. Fristen for Noreg til å gjennomføre forordninga er 7. januar 2007.