St.prp. nr. 13 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving, i samsvar med eit vedlagt forslag.