St.prp. nr. 13 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Forordninga vil gjere det lettare å stoppe lovbrot frå utanlandske næringsdrivande som rammar norske forbrukarar. Det er i samsvar med norske interesser at Noreg tek del i det europeiske nettverket av handhevingsstyresmakter som skal handheve forbrukarregelverk på tvers av landegrensene.

Barne- og likestillingsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om innlemming av forordning (EF) nr. 2006/2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.