St.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Justis- og politidepartementet (drift av redningshelikoptertenesta)

Til innhaldsliste

3 Tilstadevakt Rygge og Ørland - oppretting av ny base i Florø

I St.prp. nr. 1 (2007-2008) varslar Regjeringa at den nye redningshelikopterbasen i Florø vil være i drift frå 2009. Opphavlege kostnadsoverslag var basert på eit konsept der innkvarteringsbygg skulle byggjast rett ved sidan av hangarane. Etter at tiltaket på Rygge, Ørland og Florø blei vedteke synte nye kostnadsoverslag at dei opphavlege kostnadsoverslaga var for låge. Ein del av dette skyldes prisstigning i byggemarknaden, men òg at tidlege vurderingar hadde teke utgangspunkt i plasthangar i Florø, noko som Forsvarsbygg ikkje kunne anbefale då dette ikkje ville oppfylle brukskrava i sterk vind.

Justisdepartementet og Forsvarsdepartementet gjekk gjennom det opphavlege konseptet og blei samde om at ein skulle nytte eksisterande kasernar på Rygge og Ørland i staden for å byggje nytt. Tilsvarande løysning er nytta på Banak, som har hatt tilstadevakt sidan hausten 2006. I Florø må det i utgangspunktet byggjast ny hangar og nytt innkvarteringsbygg, men det vil i ein overgangsperiode bli nytta forbigåande løysingar til innkvarteringsbygga er ferdigstilte. Ved å nytte denne løysinga vil tilstadevakt på Rygge og Ørland og ny base i Florø kunne gjennomførast til opphavleg budsjett. Tilstadevakt på Rygge og Ørland blei sett i gang 1. juli 2008 i samsvar med planen.

Basen i Florø vil være klar til oppstart i 2009. Grunnen til at oppstart vil bli noko utsett er blant anna utfordringane som oppsto rundt kostnadsoverslaga med behov for endra løysingar og lokale planprosessar.