St.prp. nr. 20 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 under Justis- og politidepartementet (drift av redningshelikoptertenesta)

Til innhaldsliste

4 Nærare om drift av redningshelikoptertenesta

For å ha full bemanning på beredskapshelikoptra på 5 baser, 24 timer i døgnet, 365 dagar i året, krevst 21 helikopterbesetningar. Kvar besetning må ha 210 flytimar i året for å være godkjent som redningshelikopterbesetning. Av desse timane har dei siste åra ca. 25 % blitt nytta til søks- og redningsoppdrag, 22 % til ambulanseoppdrag, 30 % til eigentrening og ca 10 % blir nytta av Forsvaret til eigne oppdrag. Resten går til diverse anna som testflyging, utsjekk av nye pilotar og liknande.

Det er heilt nødvendig at besetningane på redningshelikoptra flyg så mange timar i året, då mange av redningsoppdraga er under ekstreme og vanskelege forhold. Dersom det i periodar blir færre rednings- eller ambulanseoppdrag må besetninga kompensere ved å flyge meir eigentrening.

Helikopter må vedlikehallast etter eit visst tal flytimar. Når helikoptret har flyge det talet timar som er sett som grense, må det inn til ulike slag vedlikehald. Programmet for når helikoptera må inn til vedlikehald blir fastsett av produsenten av helikoptra, og er ikkje noko som kan påverkast av brukarane. Programmet inneber òg at helikoptra må vedlikehallast oftare di eldre dei er. Som fylje av alder har jamvel helikoptra dei siste åra gått gjennom IRAN- inspeksjonar (Inspection and Repair As Necessary) som inneber at helikoptra blir tatt frå kvarandre for ein total gjennomgang og inspeksjon. Tryggleiksansvarleg i Luftforsvaret har vedteke at desse inspeksjonane må gjennomførast kontinuerleg fram til helikoptra blir bytta ut.

For å halde oppe beredskapen er det nødvendig å unngå at helikoptera blir ståande lenge på bakken ved uventa problem. Dette krev eit visst lager av reservedelar på basane.

Budsjett for redningshelikoptertenesta blir i stor grad styrt av det som går fram over. Det at helikoptra er ca. 35 år gamle gjer at det er bruk for meir vedlikehald.

Kostnadsaukinga vert difor i hovudsak knytt til teknisk drift og er mellom anna samansett av desse elementa:

  • Ytterligare auke i vedlikehaldskostnader (IRAN) utover tidligare overslag

  • Tilleggskostnadar som følgje av auka aktivitetsnivå frå 4000 flytimar til 4200 flytimar ved opprettinga av Florø, her under drivstoffauke

  • Auka behov for innkjøp av reservedelar for å redusere etterslep

  • Auke i lønn/tillegg for personell innan teknisk drift

  • Oppbygging av lokal behaldning av reservedelar i samband med oppretting av fast base ved Rygge som òg inneber oppretting av verkstad.

Uavhengig av behovet knytt til etablering av tilstadevakt og ny base er det derfor nødvendig å styrkje tilskotet til drift, og i samband med handsaminga i Stortinget av St.prp. nr. 59 (2007-2008), jf. Innst. S. nr. 270 (2007-2008), blei drifta styrkt med 15 mill. kr. Likevel er det for 2008 framleis nødvendig å styrkje driftsbudsjettet til redningshelikoptertenesta for å oppretthalde aktiviteten samt fortsette planen med oppstart av ny redningshelikopterbase i Florø slik at beredskapen for kysten med stor oljerelatert verksemd og mykje fiskeriaktivitet kan verte betre. Prognosane på drift pr. 1. august 2008 inneber at drifta må styrkjast med 33,75 mill. kr i 2008 dersom ikkje tilbodet skal reduserast.

Justisdepartementet legg derfor med dette fram eit endringsforslag til drift av redningshelikoptertenesta.