St.prp. nr. 23 (2005-2006)

Om endring av løyvingar mv. for 2005 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.10 Administrasjon m.m.

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet (jf. kap. 4300)

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Samferdselsdepartementet er medlem i fleire internasjonale organisasjonar. EØS-komiteen har vedteke å innlemme europarlaments- og rådsforordning (EF) nr. 881/2004 om oppretting av eit europeisk jernbanebyrå (ERA) i EØS-avtalen ved endring av vedlegg XIII Transport. Utanriksdepartementet har i St.prp. nr. 6 (2005-2006) lagt fram for Stortinget godkjenning av vedtaket i EØS-komiteen. I proposisjonen er det lagt opp til at det årlege tilskotet frå Noreg til drifta av ERA blir dekt på Samferdselsdepartementets budsjett (kap. 1300, post 70). For 2005 er tilskotet frå Noreg på om lag 2,2 mill. kr. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1300, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, med 2,2 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1301, post 21.

Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.

Post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1301, post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., med 2,2 mill. kr, jf. omtalen under kap. 1300, post 70.