St.prp. nr. 23 (2005-2006)

Om endring av løyvingar mv. for 2005 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Kap. 1330 Særskilde transporttiltak

Post 74 Kompensasjon for el-avgift for elektrifisert skinnegåande transport

Løyvinga på posten utgjer i 2005 24 mill. kr. Departementet vil i 2005 utbetale ein førebels kompensasjon basert på forbruket i 2004. Sluttoppgjer skjer i 2006 ut frå dei endelege tala for forbruket i 2005. Ordninga er foreslått avvikla frå 2006, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006). Departementet foreslår at kap. 1330, post 74 Kompensasjon for el-avgift for elektrifisert skinnegåande transport, får tilføydd stikkordet «kan overførast», slik at ein kan halde tilbake ein del av løyvinga for 2005 for sluttoppgjer i 2006, jf. forslag til romertalsvedtak.