St.prp. nr. 23 (2005-2006)

Om endring av løyvingar mv. for 2005 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.30 Vegformål

E18 Momarken – Sekkelsten

Prosjektet er sist omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 107.

Det er no gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme på 450 mill. kr og ei kostnadsramme på 490 mill. kr (omrekna til 2005-prisnivå). Dette er noko lågare enn det førebelse overslaget i St.prp. nr. 1 (2005-2006).

Prosjektet har ei statleg løyving på 25 mill. kr i 2005, medan det er venta eit forbruk på om lag 75 mill. kr. Meirforbruket er føresett stilt til disposisjon av bompengeselskapet gjennom uttak av mindreforbruk frå tidlegare år.

Kjøp av riksvegferjetenester – inngåing av driftsavtalar med intervall for risikotaking

Oljeprisen har i 2005 blitt høgare enn det budsjettet for riksvegferjedrift byggjer på. I St.prp. nr. 65 (2004-2005) blei det opplyst at utgiftene for ferjeselskapa til drivolje ville kunne bli 70 mill. kr høgare enn det som låg inne i driftsavtalane med ferjeselskapa. For at det ikkje skulle bli nødvendig med reduksjonar i tilbodet eller takstauke hausten 2005, blei løyvinga på kap. 1320, post 72 Kjøp av riksvegferjetenester, auka med 50 mill. kr ved handsaminga av St.prp. nr. 65/Innst. S. nr. 240 (2004-2005) i Stortinget. Det blei samstundes opplyst om at driftsavtalane med ferjeselskapa i framtida vil bli forhandla, såleis at selskapa får heilt ut ansvaret for inntekter og kostnader, også for oljeprisutviklinga.

Det er stor uvisse når det gjeld oljeprisen. Denne uvissa vil kunne ha ein pris i form av eit risikotillegg. Ut frå erfaringar dei siste åra reknar Statens vegvesen med at risikotillegget vil kunne bli monaleg. Samferdselsdepartementet meiner det kan vere føremålstenleg å ha handlingsrom i forhandlingane med ferjeselskapa slik at staten kan ta ein viss risiko når det gjeld oljeprisutviklinga. I den samanhengen kan det m.a. vere fornuftig at selskapa tek risikoen for prisendringar innafor eit intervall over og under den prisen som ligg til grunn for tilskotsavtalen. Staten tek så risikoen for den delen av ei eventuell prisendring som går ut over (oppover eller nedover) dette intervallet. På den måten kan ein oppnå ei fornuftig deling av risiko mellom staten og ferjeselskapa når det gjeld oljeprisutviklinga, og totalt sett få ein betre avtale for staten. Det vil vere eit vilkår at eventuelle kostnader som gjeld avtalar med risikodeling blir dekt innafor Statens vegvesen sitt budsjett. Samferdselsdepartementet legg opp til at dette opplegget blir lagt til grunn for forhandlingane med ferjeselskapa i 2006.