St.prp. nr. 33 (2004-2005)

Om gjennomføring av E18 Grimstad - Kristiansand som OPS-prøveprosjekt med delvis bompengefinansiering

Til innhaldsliste

2 Omtale av prosjektet

2.1 Dagens situasjon

E18 mellom Oslo og Kristiansand er ein del av stamvegnettet og går gjennom 6 fylke med til saman 1,7 mill. innbyggarar. Forutan Oslo og Kristiansand ligg det 14 byar med tilknyting til denne strekninga. E18 er eit viktig ledd i Nordic Link, ein strategi for ein konkurransedyktig transportkorridor mellom Sør-Noreg og kontinentet. Samtidig er vegen eit viktig bindeledd mellom tunge råstoffprodusentar, bedrifter og marknader som er avhengige av rasjonell transport, og den er også viktig for reiselivet.

Strekninga E18 Grimstad - Kristiansand er ein del av «Agderbyen», dvs. området som strekkjer seg frå Mandal til Arendal. Dette området utviklar seg i retning av å bli eit felles bustad- og arbeidsmarknadsområde. Strekninga er av dei høgast trafikkerte delane av E18 i Agder-regionen. Dagens trafikkmengde varierer på dei ulike delstrekningane. Mellom Øygardsdalen og Timenes ligg årsdøgntrafikken på 9 000-11 000 kjt/døgn og mellom Timenes og Rona på om lag 23 000 kjt/døgn. Stamvegnormalane legg til grunn firefelts veg ved slike trafikkmengder.

Trafikken i sommarmånadene er gjennomsnittleg 35 pst. høgare enn årsdøgntrafikken, og trafikken i juli er 60-65 pst. høgare enn årsdøgntrafikken. Dette fører ofte til forseinkingar i trafikkavviklinga i sommarperioden. Hendingar som krev stenging av E18, gjer at trafikken må bli dirigert inn på lite egna omkøyringsruter. Det er knytt uvisse til framtidig trafikkvekst.

Dagens tofeltsveg har for ein stor del dårleg horisontal- og vertikalkurvatur med svært få moglegheiter for forbikøyring. Det er busetnad langs det meste av strekninga, og det manglar 25 km på å få samanhengande gang- og sykkelveg mellom Grimstad og Kristiansand. Skilta fart er i dag 60 eller 70 km/t, med unntak av ei kort strekning i Kristiansand som har 80 km/t.

Det har vore mange alvorlege ulykker på strekninga. Frå 1999 til i dag har 177 personar blitt drepne eller skadde. Av desse har 7 blitt drepne og 4 hardt skadde. Møte- og utforkøyringsulykker utgjer 55 pst. av ulykkene. Sjølv om det i dei siste åra er utført ein del tiltak for å redusere ulykkesrisikoen, representerer strekninga framleis eit trafikktryggleiksproblem. E18 går i dag for ein stor del nær både busetnad og friluftsområde, noko som skaper miljøulemper i form av støy, forureining og barriereverknader.

2.2 Omtale av prosjektet og tekniske data

Dagens veg mellom Grimstad og Kristiansand vart bygd ut på 1950-talet som tofelts veg. Den høge trafikkveksten har ført til behov for høgare vegstandard både av omsyn til omgjevnader, trafikktryggleik og framkommelegheit. Det er derfor foreslått bygging av 38 km ny firefelts veg frå Øygardsdalen i Grimstad til Rona i Kristiandsand, jf. figur 1.1. Ein får då kopla saman tofeltsstrekninga mellom Arendal og Grimstad og firefeltsstrekninga inn mot Kristiansand sentrum med ein tidsmessig og trygg veg. Vegen får ei breidd på 20 meter og midtrekkverk. I tillegg vert det bygd 8 km gang- og sykkelveg i tilknyting til lokalvegar, sidevegar og eksisterande E18.

I Aust-Agder vert ny E18 i hovudsak lagt i ny trasé langs og gjennom åsane ovanfor eksisterande veg. Unntaket er mellom Øygardsdalen og Nørholm, der om lag 1 km vil liggje i noverande E18-trasé. I Vest-Agder vil den nye firefeltsvegen i store trekk følgje traséen for noverande E18. Ny E18 går i til dels kupert og urørt naturlandskap, og det er lagt vekt på å halde terrenginngrep på eit lågt nivå og tilpasse veganlegget til landskapet. Det vert lagt til rette for kollektivtrafikk ved at det vert etablert haldeplassar i dei nye kryssområda. Det er føresett at ekspressbussar vil nytte ny E18.

Det er venta at om lag 80-90 pst. av trafikken på eksisterande E18 mellom Øygardsdalen og Dyreparken vert overført til ny E18. På strekninga forbi Lillesand vil overføringa bli noko lågare på grunn av eit større innslag av lokaltrafikk. Dette vil føre til vesentlege gevinstar med omsyn til trafikktryggleik, miljø og framkommelegheit. Ny E18 blir om lag 3 km kortare enn dagens veg og dette, saman med den omfattande standardhevinga, fører til at reisetida mellom Grimstad og Kristiansand vert korta ned frå om lag 40 min. til 30 min. Erfaringar frå tilsvarande vegar tilseier ein nedgang på om lag 80 pst. i talet på personskadeulykker, med størst reduksjon i dei alvorlege ulykkene. Omlegging av E18 fører vidare til at store befolkningskonsentrasjonar unngår nærføringsulemper frå E18-trafikken. Den fjernar barrieren som dagens veg skaper mellom busetnaden ovanfor dagens E18 og sjøsida. Særleg Lillesand by oppnår store forbetringar. Ny E18 vil skape ein viss barriere mellom busetnaden og friluftsområda ovanfor vegen. Det vert gjort avbøtande tiltak i form av tilrettelagde kryssingar. Reguleringsplanar for heile strekninga vart godkjente i 2003 og 2004.

2.3 Kostnader og nytte

Utbygginga er kostnadsrekna til om lag 3 000 mill. (2004-kr), fordelt med 2 700 mill. kr på den 33 km lange strekninga Øygardsdalen - Dyreparken og 300 mill. kr på den 5 km lange strekninga Dyreparken - Timenes - Rona. Kostnadsoverslaget er basert på ei prosjektgjennomføring med tradisjonelle byggherrestyrte entreprisar. Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ekstern konsulent i samsvar med prinsippa for styring av statlege investeringar. Kvalitetssikringa gir ikkje avvikande resultat i forhold til føreliggande kostnadsoverslag.

Med omsyn til at prosjektet blir delvis bompengefinansiert og ei diskonteringsrente på 8 pst. er samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) rekna til om lag - 570 mill kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til - 0,2 basert på ei tradisjonell gjennomføring. Internrenta for heile prosjektet er rekna til å vere om lag 6 pst.