St.prp. nr. 33 (2004-2005)

Om gjennomføring av E18 Grimstad - Kristiansand som OPS-prøveprosjekt med delvis bompengefinansiering

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementets vurdering

E18 mellom Oslo og Kristiansand er ei av dei viktigaste stamvegstrekningane i Noreg. Ruta er viktig både for dei som bur langs vegen, næringslivet som bindeledd mellom verksemder og marknader, og turismen. Strekninga mellom Grimstad og Kristiansand er av dei høgast trafikkerte i Agder-fylka. Sjølv om det dei seinare åra er gjennomført tiltak for å betre trafikktryggleiken, utgjer strekninga framleis eit trafikktryggleiksproblem. Den høge trafikkmengda fører til miljøulemper for dei som bur langs vegen, og tofelts standard, saman med redusert fartsgrense og dårleg kurvatur, fører til dårleg framkommelegheit.

Samferdselsdepartementet legg opp til at strekninga frå Øygardsdalen ved Grimstad til Rona i Kristiansand vert bygd som firefelts veg, noko som er i samsvar med stamvegnormalane. Erfaringar frå same type vegar medfører at ein kan vente ein nedgang i personskadeulykkene på om lag 80 pst, med størst reduksjon i dei alvorlege ulykkene.

Strekninga Øygardsdalen - Dyreparken inngår i Aust-Agderpakka, jf. St.prp. nr. 30 (2000-2001) og er derfor føresett delvis bompengefinansiert. På grunn av reduserte bompengeinntekter og auka kostnader som følgje av utbygging til firefelts veg, er det lagt opp til å auke bompengeperioden med 5 år og takstane med 20 pst. etter at vegen opnar for trafikk. Etter dette vil dei statlege midlane utgjere 55 pst. av totalramma, medan det i den opphavelege finansieringsplanen var føresett at desse berre skulle utgjere 46 pst. Aust-Agder fylkeskommune har gitt si tilslutning til denne endringa av Aust-Agderpakka. Strekninga Dyreparken - Rona er ikkje med i Aust-Agderpakka og er føresett finansiert med statsmidlar. Departementet vil tilrå at Stortinget vedtek den reviderte finansieringsplanen for Aust-Agderpakka som omtalt i denne proposisjonen.

Samferdselsdepartementet legg opp til at prosjektet E18 Grimstad - Kristiansand skal gjennomførast som det tredje og førebels siste av dei vedtekne OPS-prøveprosjekta. Føremålet med OPS-prøveprosjekta er å få erfaringar med om ein slik modell kan gi gevinstar ved utbygging, drift og vedlikehald av store vegprosjekt. Departementet legg opp til at prosjektet vert gjennomført på same måte og etter tilsvarande modell som OPS-prosjekta E39 Klett - Bårdshaug, jf. St.prp. nr. 83 (2000-2001), og E39 Lyngdal - Flekkefjord, jf. St.prp. nr. 60 (2001-2002).

På grunn av storleiken til prosjektet og ein meir rasjonell finansiering, går Samferdselsdepartementet inn for ein jamn tilbakebetalingsprofil på dei årlege vederlaga til OPS-selskapet. Vidare går departementet inn for at driftsperioden blir på 25 år, men med høve til forlenging dersom dette viser seg å kunne gi ein betre verdi på kontrakten for staten. Modellen gir OPS-selskapet stor fridom til sjølv å velje løysingar så lenge krava i kontrakten med Vegdirektoratet vert følgde. Det er eit mål å plassere risikoen hos den parten som har best føresetnader for å handtere den. Dette inneber at OPS-selskapet vil ta ein stor del av risikoen knytt til opningstidspunkt, utbyggings-, drifts- og vedlikehaldskostnader og finansieringskostnader.

Samferdselsdepartementet tilrår at Vegdirektoratet set i gang innkjøpsprosessen omgåande etter at det er fatta vedtak i saka.