St.prp. nr. 33 (2004-2005)

Om gjennomføring av E18 Grimstad - Kristiansand som OPS-prøveprosjekt med delvis bompengefinansiering

Til innhaldsliste

5 Innkjøpsprosessen

Prosjektet vil bli sett ut på internasjonal konkurranse. Dette OPS-prosjektet vil bli det største vegprosjektet som blir gjennomført som ein kontrakt, noko som gjer det spesielt viktig å få ein effektiv konkurranse. Vegdirektoratet vil vurdere om det er mogleg å nytte eventuelle prosjektspesifikke tekniske løysingar i tilbodet frå selskapa som leverer tilbod, men ikkje vinner konkurransen, til fordel for gjennomføringa av prosjektet. Dette vil bli gjort i samråd med selskapa.

Samferdselsdepartementet vil be Vegdirektoratet starte innkjøpsprosessen omgåande etter at det er fatta vedtak i saka.