St.prp. nr. 44 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om dei einskilde handlingsprogramma

Stortinget gav samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/96 av 4. oktober 1996 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid innanfor folkehelsa med deltaking i dei følgjande handlingsprogramma: «Handlingsprogrammet for helsefremjande tiltak, helseopplysning, helseutdanning og helseopplæring», «Handlingsplanen for kampen mot kreft» og «Handlingsprogrammet for forebygging av AIDS og visse smittsomme sykdommer», jf. St.prp. nr. 31 (1996-97) og Innst. S. nr. 126 (1996-97). Desse programma gjeld fram til 31.12.00. Programma har omfattande målsetjingar på førebyggingssida om informasjon og helseopplysning, og dessutan om overvaking og kontroll, og har ført til eit utvida samarbeid mellom fagetatar og forskingsmiljø her i landet og tilsvarande institusjonar i EU.

Stortinget gav òg samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/97 av 4. oktober 1997 om endring av den same protokollen for deltaking i «Handlingsprogrammet for førebygging av narkotikavanebruk», jf. St.prp. nr. 26 (1997-98) og Innst. S. nr. 86 (1997-98). Dette handlingsprogrammet gjeld òg fram til 31.12.00, og har som hovudmål å

  • styrkje kunnskapen om narkotikavanebruk og konsekvensane av dette,

  • medverke til betre informasjonsutveksling, utdanning og opplæring innanfor førebyggjande verksemd,

  • utnytte føremonene ved auka samarbeid og utveksling av røynsler når det gjeld førebyggjande tiltak.

Deltakinga i narkotikaførebyggingsprogrammet har gjeve Noreg kunnskapar om ein del nye tilnærmingsmåtar når det gjeld førebygging av etterspurnaden etter narkotika. Programmet har dessutan gjeve tilgang til samarbeid med andre land for å få fram meir kunnskap om narkotikaproblemet.

Stortinget gav òg samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 13/98 av 6. mars 1998 om deltaking i «Handlingsprogrammet for helseovervaking», jf. St.prp. nr. 48 (1997-98) og Innst. S. nr. 197 (1997-98). Dette programmet gjeld fram til 31.12.01. Programmet har medverka til å utvikle eit eige helse- og levekårsovervakingssystem i Europa med tilknyting til eit tilsvarande system her i landet. Systemet er viktig for trendanalysar og nasjonal planlegging.

Stortinget gav for kort tid sidan ved vedtak av 14. desember 2000 samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 83/2000 av 2. oktober 2000 om endring av protokoll 31 for deltaking i handlingsprogrammet for sjukdommar som er knytte til ureining, jf. St.prp. nr. 7 og Innst. S. nr. 70 (2000-2001). Dette programmet varar i tre år og sluttar å gjelde 31.12.01. Programmet har to hovudmål: 1) betre forståinga av korleis ureinande stoff skapar sjukdom eller gjer sjukdom verre, og 2) betre kunnskapen om korleis risikofaktorar som er knytte til ureining, verkar på miljø og helse. Det er venta at programmet vil kunne tilføre norske miljø verdfull kunnskap.

Ettersom desse delprogramma går ut før det nye EU-programmet for folkehelse etter planen tek til å gjelde, vil EU venteleg i februar 2001 vedta å lengje dei fram til 31.12.02. Grunnen til dette er at det ikkje er ønskjeleg med noka opphald i dei viktige prosessane som programmet har starta opp for å betre folkehelsa i Europa, og at det er viktig sikre ein god overgang til det nye programmet.

Dei to programma «Handlingsprogrammet for forebygging av ulykker» og «Handlingsprogrammet for sjeldne sykdommer» gjeld fram til 2003 og er difor ikkje omfatta av lenginga.