St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om sikrare internett pluss

Føremålet med programmet er å fremje sikrare bruk av Internett og nye former for direktekopla teknologi, spesielt for barn, og å motkjempe ulovleg og skadeleg innhald og innhald som er uønskt av forbrukaren. Dette skal gjennomførast ved støttetiltak på følgjande område (parentesen syner kor stor del av dei samla midlane som skal gå til tiltak på dei einskilde områda):

  • Som eit ledd i kampen mot ulovleg innhald vil programmet vidareutvikle det internasjonale nettverket av sivile tipslinjer som vart skipa under handlingsplanen for sikrare bruk av Internett. Desse er eit supplement til tilsvarande arbeid i politiet. Publikum kan rapportere det som kan vere ulovleg innhald til tipslinjene, som følgjer opp dette på ein eigna måte. Målet er å få eit tilslutta senter i kvart deltakarland, og eit overordna koordineringsorgan, med økonomisk støtte frå programmet. (25-30 %)

  • Det skal stimulerast til tiltak som kan gjere det lettare for brukarar, t.d. vaksne med ansvar for barn, å ta i bruk verktøy for å takle uønskt og skadeleg innhald, medrekna såkalla spam. Målet er å auke kunnskapen rundt ytinga til t.d. filtreringsprogram og -tenester, slik at foreldre og lærarar lettare skal kunne styre kva innhald dei skal ta imot. (10-17 %)

  • Programmet vil oppmuntre bransjen til sjølv å regulere straumen av uønskt, skadeleg og ulovleg innhald, og såleis fremje eit sikrare miljø. Medrekna her vert det gjeve støtte til å vidareføre eit diskusjonsforum som vart skipa under den tidlegare handlingsplanen, der det vert lagt til rette for den naudsynte kontakten mellom dei involverte offentlege og private aktørane. Føremålet er at aktørane skal samarbeide og utveksle røynsler. (8-12 %)

  • Det er eit mål å auke medvitet om sikker bruk av både Internett og nye former for direktekopla teknologi. Det vert gjeve støtte til senter som skal drive haldningsskapande arbeid i kvart land, som først og fremst skal arbeide aktivt for å auke medvitet om ulovleg, uønskt og skadeleg innhald, og til ein viss grad spørsmål knytte til forbrukarvern, personvern og tryggleik (som virus og såkalla spam). Optimal samordning og effektivitet skal sikrast av eit eige overordna organ. (47-51%)

Det nye programmet er langt på veg ei vidareføring av den tidlegare handlingsplanen. Nytt i dette programmet er m.a. at det omfattar uønskt innhald, medrekna såkalla spam, at det gjeld nye problemområde, nyare teknologi og nye bruksmåtar, og dessutan at det i større grad vert fokusert på sluttbrukaren. Bakgrunnen for delar av utvidinga er den snøgge teknologiutviklinga, som m.a. gjer det mogleg å sende biletmeldingar på mobiltelefonar, og som inneber at stadig fleire er kontinuerleg tilkopla, med dei utfordringane for tryggleiken som dette inneber. Dessutan er det lagt større vekt på overordna koordinering av tiltaka.