St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

Med sikte på deltakinga frå EFTA-statane i programmet vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtalen ved avgjerder.

Artikkel 1slår fast at protokoll 31 får eit tillegg om at avtala òg skal omfatte europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF. Det vert dessutan peikt på at EØS-avtala ikkje omfattar justis- og innanrikssaker.

Artikkel 2fastset at avgjerda i EØS-komiteen skal ta til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala. Avgjerda skal gjelde frå 1. januar 2005.

Artikkel 3slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.