St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Kampen mot ulovleg, skadeleg og uønskt innhald i globale system som Internett kan best førast gjennom internasjonalt samarbeid. Dermed kan dei nasjonale tiltaka òg gjennomførast meir effektivt, ved koordinering med tiltak utanfor landegrensene. Utviklinga av, den auka utbreiinga og bruken av ny teknologi, spesielt blant barn, gjer det viktig å halde fram og utvikle det arbeidet som tidlegare er gjort på området.

Under handlingsplanen for sikrare bruk av Internett, som var forløparen til det programmet som ligg føre, vart Noreg lagt merke til internasjonalt gjennom det EU-støtta SAFT-prosjektet, som vart leidd av Statens filmtilsyn. Prosjektet hadde gode resultat. Arbeidet i tilsynet vart koordinert med Barne- og familiedepartementet sin tiltaksplan »Barn, unge og Internett». Handlingsplanen har ikkje berre vore viktig for Noreg internasjonalt, men òg for det nasjonale arbeidet på området. Røynslene som vart gjorde under handlingsplanen gjev grunn til å tru at òg det nye programmet kan verte nyttig for Noreg.

Deltaking i programmet gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.

Kultur- og kyrkjedepartementet tilrår at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.