St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Den totale økonomiske ramma for dei fire åra som programmet varar, er 45 millionar euro, av desse er 20,05 millionar euro for dei to første åra av programmet. Ut frå kostnadene for EFTA-statane i 2005, som var 2,11 % av dei samla programkostnadene, vil EFTA måtte dekkje om lag 950 000 euro over dei fire åra som programmet varar, av dette om lag 210 000 euro årleg dei to første åra. Med ein eurokurs på 8,2 kroner vil dette for EFTA-statane utgjere om lag 7,8 millionar kroner over fire år.

Noreg sin EFTA-del på 95 % vil då utgjere om lag 7,4 millionar kroner over fire år, eller om lag 1,65 millionar kroner kvart år dei to første åra og 2,05 millionar kroner kvart år dei to siste åra. Det vil verte tilsett ein nasjonal ekspert i samband med programmet. Dei årlege kostnadene på om lag 1,1 millionar kroner vil kome i tillegg til programkostnadene.

Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet, men òg Barne- og familiedepartementet, Moderniseringsdepartementet, Justis- og politidepartementet, Samferdselsdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet medverkar. Desse departementa er samde om programdeltakinga og tilsetjinga av ein nasjonal ekspert, og vil dele kostnadene etter ein nærmare fordelingsnøkkel. Kostnadene for 2005 skal dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.

Under handlingsplanen for sikrare bruk av Internett har Medietilsynet og det tidlegare Statens filmtilsyn til saman motteke fleire millionar kroner i støtte til arbeidet sitt for sikrare bruk av Internett. I det nye programmet er det lagt opp til at norske prosjekt etter søknad framleis skal få økonomisk støtte frå EU.