St.prp. nr. 5 (2005-2006)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 854/2005/EF om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Sikrare Internett pluss)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. [...] av [...] om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

Utkast (23.3.2005)

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla »avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. .../... av ... 1.

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsvedtak 2005/854/EF av 11. mai 2005 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Safer Internet Plus) 2.

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1. januar 2005 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 2 nr. 5 i avtala skal nytt strekpunkt lyde:

  • «32005 D XXXX: Europaparlaments- og rådsvedtak 2005/854/EF av 11. mai 2005 om skiping av eit fleirårig fellesskapsprogram om fremjing av sikrare bruk av Internett og ny direktekopla teknologi (Safer Internet Plus) (Safer Internet Plus) (EUT L ...).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2005.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, [...]

For EØS-komiteen

Formann

[...]

Sekretærar for EØS-komiteen

[...]

Fotnotar

1.

TEU L ...

2.

TEU L ...

3.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.] [Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]