St.prp. nr. 5 (2007-2008)

Utbygging, anlegg og drift av Skarv

Til innhaldsliste

1 Høyring av konsekvensutgreiinga for utbygging av Skarv

1.1 Høyring av konsekvensutgreiinga

Forslag til program for konsekvensutgreiing for Skarv vart oversendt Olje- og energidepartementet 30. november 2005. Dette vart sendt på høyring med frist 9. mars 2006. Departementet fastsette dette programmet 23. juni 2006. BP utarbeida deretter konsekvensutgreiing for Skarvprosjektet som operatøren sendte på offentleg høyring 20. juli 2006 med høyringsfrist 13. oktober 2006. Operatøren gjorde deretter greie for korleis dei vil ta omsyn til høyringsuttalingane som var komt inn. Høyringsuttalingane vart gjennomgått på møte mellom departementet og BP 6. desember 2006.

Nedanfor følgjer ei oppsummering av merknadene frå høyringsinstansane med kommentarar frå utbyggar og departementet.

1.1.1 Stavanger kommune

Utslepp til luft

Stavanger kommune oppfordrar til at BP vurderer å leggje føringar i val av fast farty som skal tene installasjonen slik at det eventuelt kan bli leigd inn eller kontrahert eit gassdrive forsyningsfarty.

Kommentar

BP vil i utgangspunktet søkje å få i stand eit samarbeid med Statoil for å inngå i den eksisterande forsyningstenesten på Haltenbanken. Dersom BP skal kontrahere eit eige farty vektlegg BP HMS, i tillegg til tekniske og økonomiske forhold, med høge krav. Gassdrive farty er ikkje einaste måten å redusere utslepp til luft. BP har nyleg har inngått to langtidskontraktar for forsyningsfarty for felta sør i Nordsjøen, Ula, Valhall og Gyda. Desse fartya er utstyrt med katalysatorar på motorane. Saman med gevinstar på blant anna skrogform vil dette gje reduserte NOx-utslepp på rundt 90 prosent, det vil sei at dei to skipa i følgje BP vil gje omtrent like låge utslepp som gassdrivne skip.

1.1.2 Møre og Romsdal fylke

Kraft frå land

Møre og Romsdal fylke (MRF) noterer seg at deira oppfordring om elektrifisering av Skarv er forkasta. Ei av grunngjevingane i studiet er m.a. underskot i kraftbalansen innanlands. Samtidig viser dei til at vedtak om byggjing av gasskraftverk på Kårstø er gjeve etter at studiet er avslutta, og at det nå ligg føre planar om fleire gasskraftverk som kan avhjelpe kraftkrisa. Etter MRF sitt syn ligg det såleis nye vilkår som det bør takast omsyn til ved vurdering av CO2 -reinsing gjennom elektrifisering frå land.

Baseverksemd

MRF er uforståande til at Kristiansund, med helikopterbase og forsyningbase, ut frå eit bedriftsøkonomisk perspektiv, ikkje er valt som lokaliseringsstad for ei samla landbasert driftstøtte. Dei viser til at fordelane ved etablert infrastruktur, moglege reduksjonar i kostnader gjennom sams funksjonar, sams transport og samsegling til andre felt i Norskehavet, ville føre til at Kristiansund vart valt.

Kommentar

Kraft frå land

Operatøren har gjennomført ein studie der kraft frå land til feltet er vurdert. Dei viser til at det i dag ikkje finnest naudsynte tekniske løysingar for å elektrifisere eit produksjonsskip med svivel på så djupt vatn. Ei slik teknisk løysing vil gjere at ein må ta ein straumkabel 370 meter opp frå botnen, gjennom svivelen og sende ca 80 MW ved 80kV ut av svivelen ved hjelp av sleperingar. Å utvikle og teste ut ei slik teknisk løysing fører med seg store tekniske utfordringar og usikkert tidsløp i forhold til framdrifta i prosjektet. Dette er hovudgrunnen til at kraft frå land til Skarv vart forkasta og nye planar om gasskraftverk ville ikkje endra konklusjonen.

Baseverksemd

BP viser til at ved reine bedriftsøkonomiske omsyn ville Stavanger kome best ut, med Kristiansund som nummer to. Dei største verknadene for samfunnet, særleg i form av regionale verknader, får ein ved å etablere basefunksjon og ein del driftsstøttefunksjonar i Sandnessjøen.

Departementet vurderer det slik at den valde løysinga gjev ein god balanse mellom kostnadseffektivitet og stimulans til regionale ringverknader.

1.1.3 Kristiansund kommune

Baseverksemd

Kristiansund kommune meiner at å velje ei delt løysing for driftsorganisasjonen der hovudtyngda blir lagt til Stavanger, med ei driftsstøtteeining i Sandnessjøen bryt noko med mønsteret for å nytte allereie eksisterande base- og driftsmiljø.

Ringverknader

Med omsyn til dei ringverknadene for samfunnet som er skildra i konsekvensutgreiinga oppfattar Kristiansund kommune det slik at grunnlaget for å trekkje dei konklusjonane som er gjort med omsyn til effekt av lokalisering, er usikre. Kristiansund kommune gjentek difor kor viktig det er at ringverknader blir følgd opp av analysar for næringslivet i regionane.

Kommentar

Baseverksemd

Løysinga bryt ikkje med etableringsmønsteret når det gjeld basemiljø fordi det allereie er ein eksisterande helikopterbase i Brønnøysund og ein forsyningsbase i Sandnessjøen. Etablering av ei drifsttøtteeining til ei etablert baseverksemd styrkjar den eksisterande basestrukturen, og er såleis ikkje noko brudd med denne.

Ringverknader

BP opplyser at grunnlaget for konklusjonane med omsyn til sysselsetjingsverknader av lokalisering i følgje konsekvensutgreiinga er gjort innanfor eit usikkerhetsspenn på 20-30 prosent, og at dette er det beste resultatet ein kan få med det modellgrunnlaget som finnest. BP vil i samarbeid med lokale kunnskapsorganisasjonar etterprøve dei samfunnsøkonomiske anslaga i konsekvensutgreiinga. Når utbyggingsprosjektet er ferdig vil BP gjennomføre ei etterprøving av regionale og lokale vare- og tenesteleveransar, inkludert sysselsetjingseffekter. I driftsfasen vil det bli gjort ei evaluering etter to til tre års drift over kva deltaking det lokale og regionale næringslivet har oppnådd og kva ringverknader drifta har ført med seg.

1.1.4 Sør-Trøndelag fylkeskommune

Kraft frå land

Fylkesutvalet i Sør-Trøndelag meiner at spørsmålet om kraft frå land burde ha vore utgreia betre og meir omfattande. Fylkesutvalet meiner at krav om å finne nye løysingar på krafttilførselen til felta på norsk sokkel bør vere ein sentral del av vilkåra for å få utvinningsløyve. Drifta av Skarv vil føre med seg store CO2 -utslepp. Denne forureininga bør bli redusert gjennom krav om at det blir utvikla system for kraft frå land sidan dette er mogleg å få til teknisk.

Base- og driftsstruktur

Fylkesutvalet meiner at BP viser manglande vilje til å flytte heile driftsmiljøet ut frå Stavanger og kan ikkje akseptere dette. Dei meiner det strid både mot forutsetnadene som Stortinget har lagt for petroleumsverksemda og norsk lovgjevnad på området. Fylkesutvalet meiner denne legg opp til at heile landet skal få økonomiske gevinstar av petroleumsverksemda. I Soria Moria-erklæringa heiter det at «det vedtatte mønsteret for drifts- og basestruktur i oljesektoren skal ligge fast og brukes aktivt i forbindelse med nye utbygginger på sokkelen». Fylkesutvalet påpeiker at den modellen BP legg opp til må forutsette at driftsorganisasjonen blir lagt til Stjørdal.

Fylkesutvalet meiner også at vurderinga av Stjørdal som lokaliseringsstad for driftseininga er mangelfull. Analysen burde inneheldt grundigare utrekningar av samlokaliseringseffektar med etablerte driftsmiljø, kostnadene ved transport til og frå feltet, inkludert helikopterkostnader med utgangspunkt i Stjørdal og samordningsgevinstar knytta til basen i Kristiansund.

Fylkesutvalet meiner lokaliseringsstudien manglar fleire lokaliseringsmodellar, som basefunksjonar i Kristiansund og/eller på Helgeland og driftseining i Stjørdal. Fylkesutvalet meiner Stortinget ikkje kan godkjenne plan for utbygging og drift før dette er nærare vurdert og avklart.

Ringverknader

Fylkesutvalet meiner at det bør bli sett som vilkår for utbygginga av feltet at ringverknadene lokalt og regionalt av vare- og tenesteleveransane, blir etterpøvd i eit samarbeid med lokale kunnskapsmiljø ved driftsoppstart og etter tre til fem års drift.

Ilandføring av gass

Fylkesutvalet meiner at transportløysingar som også inkluderer ilandføring til Midt-Noreg må bli vurdert i samband med konsekvensutgreiingar.

CO2

Fylkesutvalet saknar ei vurdering av om det er mogleg å deponere CO2 og bruk av CO2 til auka oljeutvinning i tilknyting til produksjonen på Skarvfeltet. Fylkesutvalet meiner nye utbyggingar på norsk sokkel må ha same krav til CO2 -handtering som utbyggingar på land.

Kommentar

Kraft frå land

BP har gjennomført ein studie der kraft frå land til feltet er vurdert. Dei viser til at det i dag ikkje finnest dei naudsynte tekniske løysingar for å elektrifisere eit produksjonsskip med svivel på så djupt vatn. Ei slik teknisk løysing vil gjere at ein må ta ein straumkabel 370 meter opp frå botnen og gjennom svivelen og sende ca 80 MW ved 80kV ut av svivelen ved hjelp av sleperingar. Å utvikle og teste ut ei slik teknisk løysing fører med seg store tekniske utfordringar og usikkert tidsløp i forhold til framdrifta i prosjektet.

Base- og driftsstruktur

BP har for små operasjonar i Noreg til å etablere to sjølvstendige driftsmiljø. I lokaliseringsstudien i konsekvensutgreiinga forklarar BP kvifor det ikkje er mogleg å flytte reservoarstyring, boring og brønnintervensjonar ut frå Stavanger. Selskapet er avhengige av å dra nytte av synergieffektar mellom driftsorganisasjonane sine i Stavanger og av å dele fagressursar mellom desse. BP meiner heller ikkje at løysinga bryt med etableringsmønsteret når det gjeld basemiljø. Det er allereie ein eksisterande helikopterbase i Brønnøysund og ein forsyningsbase i Sandnessjøen. BP ser heller ikkje at ein modell med driftsstøtteeining i Sandnessjøen skulle styrkje Stjørdal sin posisjon for å få resten av driftsorganisasjonen. BP sitt undergrunnsmiljø ligg i Stavanger, og ein ønskjer å hente ut synergieffektar ved å knyte undergrunnsaktivitetane opp mot dette. BP kan ikkje sjå at det er mogleg å hente ut slike synergieffektar ved ei etablering i Stjørdal. BP vil også påpeike at lokalisering av ei driftsstøtteeining til Sandnessjøen er gjort nettopp for at større delar av landet skal nyte godt av ringverknadene på Skarv.

Når det gjeld helikopterbase i Stjørdal inngår ikkje dette som eit etablert basemiljø og er difor ikkje utgreia. I tillegg treng ikkje Skarv så mykje helikoptertransport at det er fornuftig å etablere ein ny helikopterbase i Stjørdal. Ved å lokalisere helikoptertransport i Brønnøysund vil BP nyte godt av samordningeffektar med Statoil sine operasjonar på Norne. Samlokaliseringseffektane med driftsmiljøet i Stjørdal er vurdert, men funne å vere små på grunn av at det her er to sjølvstendige oljeselskap som skal samarbeide. Dei samarbeidsgevinstane som er funne gjeld base, forsyningsteneste, beredskapsteneste og helikopterdrift.

Driftseining i Stjørdal kombinert med basefunksjonar på Helgeland er vurdert, men funne lite kostnadseffektivt. BP har ikkje vurdert basefunksjon i Kristiansund kombinert med driftsorganisasjon i Stjørdal fordi dette openbert vil vere mindre kostnadseffektivt enn å samlokalisere desse funksjonane i Kristiansund.

Ringverknader

BP vil i samarbeid med lokale kunnskapsorganisasjonar etterprøve dei samfunnsøkonomiske anslaga i konsekvensutgreiinga. Når utbyggingsprosjektet er ferdig vil det bli gjort ei etterprøving av regionale og lokale vare- og tenesteleveransar, inkludert sysselsetjingseffekter. I driftsfasen vil det bli gjort ei evaluering etter to til tre års drift over kva deltaking det lokale og regionale næringslivet har opnnådd og kva ringverknader drifta har ført med seg.

Ilandføring av gass

Det er i dag ingen kundar i Midt-Noreg som kan motta gassen frå Skarv til ein konkurransedyktig pris. Det vil ikkje vere mogleg økonomisk å leggje opp til ei delt løysing der noko gass vert sendt til land i Midt-Noreg og noko går gjennom Åsgard transportsystem. Det er også viktig å påpeike at Skarv er eit olje- og gassfelt og kan difor ikkje føre brønnstraumen i fleirfasestraum til land for prosessering.

CO2

Det er ikkje tilgjengeleg teknologi for CO2 -fangst frå avgass frå gassturbinar til havs og CO2 -innhaldet i den produserte gassen frå Skarv er for lågt til at eit aminanlegg tilsvarande det som finnest på Sleipner vil vere eit alternativ. Det er difor ikkje CO2 tilgjengeleg for deponering. Det er heller ingen andre kjelder av CO2 tilgjengeleg for injeksjon på Skarv på kort og mellomlang sikt. Skarv er hovudsakleg eit gassfelt med noko olje. BP har gjort ei grundig vurdering av både vassinjeksjon og gassinjeksjon. Avgjerda om gassinjeksjon framfor vassinjeksjon vart teken på grunnlag av heilksaplege vurderingar der både HMS, prosess- og boretekniske vurderingar og kostnader var inkludert. Gass vil bli injisert i reservoaret i ein periode på seks til sju år og blir produsert tilbake i slutten av produksjonstida for oljereservoaret. Kraftverk til havs og på land er underlagt dei same styrande lovar og direktiv med omsyn til utslepp til luft. Dei har båe krav om å nytte seg av beste tilgjengelege teknologi (BAT) som er godkjent for bruksområdet.

1.1.5 Nord-Trøndelag fylkeskommune og Stjørdal kommune

Nord-Trøndelag fylkeskommune og Stjørdal kommune har utarbeida høyringsuttalinga si i samarbeid med Møre og Romsdal fylke og Sør-Trøndelag fylkeskommune. Fylkesrådet i Nord-Trøndelag har følgjande uttalingar:

Base- og driftsstruktur

Fylkesrådet er sterkt ueinig i dei forutsetnadene BP legg til grunn for lokalisering av dei landbaserte driftsfunksjonane, særskilt gjeld dette at operatøren har lagt opp til å leggje store delar av driftsmiljøet for felta i Stavanger. Fylkesrådet krev at alle base- og driftsfunksjonar for Skarv skal bli lagt til Midt-Noreg eller Nord-Noreg. Fylkesrådet viser også til regjeringa si satsing på nordområda, som omfattar både Barentshavet og Norskehavet, og meiner det då er naturleg å leggje alle støttefunksjonane i Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Ilandføring

Fylkesrådet peikar på at alle petroleumsressursane frå Skarv vil bli transportert vekk frå landsdelen, og meiner at dette fører til at det ikkje vert verdiskaping i regionen nærast ressursen.

CO2

Fylkesrådet er skuffa over haldninga til BP når det gjeld utfordringane knytta til CO2 -utslepp frå produksjonen.

Kommentar

Base- og driftsstruktur

BP har for små operasjonar i Noreg til å etablere to sjølvstendige driftsmiljø. I lokaliseringsstudien i konsekvensutgreiinga forklarar BP kvifor det er ikkje er mogleg å flytte reservoarstyring, boring og brønnintervensjonar ut frå Stavanger. Selskapet er avhengige av å dra nytte av synergieffektar mellom driftsorganisasjonane sine i Stavanger og av å dele fagressursar mellom desse. BP meiner heller ikkje at løysinga bryt med etableringsmønsteret når det gjeld basemiljø. Det er allereie ein eksisterande helikopterbase i Brønnøysund og ein forsyningsbase i Sandnessjøen. BP ser heller ikkje at ein modell med driftsstøtteeining i Sandnessjøen skulle styrkje Stjørdal sin posisjon for å få resten av driftsorganisasjonen. BP sitt undergrunnsmiljø ligg i Stavanger, og ein ønskjer å hente ut synergieffektar ved å knyte undergrunnsaktivitetane opp mot dette. BP kan ikkje sjå at det er mogleg å hente ut slike synergieffektar ved ei etablering i Stjørdal. BP vil også påpeike at lokalisering av ei driftsstøtteeining til Sandnessjøen er gjort nettopp for at større delar av landet skal nyte godt av ringverknadene på Skarv.

Når det gjeld helikopterbase i Stjørdal inngår ikkje dette som eit etablert basemiljø og er difor ikkje utgreia. I tillegg treng ikkje Skarv så mykje helikoptertransport at det er fornuftig å etablere ein ny helikopterbase i Stjørdal. Ved å lokalisere helikoptertransport i Brønnøysund vil BP nyte godt av samordningeffektar med Statoil sine operasjonar på Norne. Samlokaliseringseffektane med driftsmiljøet i Stjørdal er vurdert, men funne å vere små på grunn av at det her er to sjølvstendige oljeselskap som skal samarbeide. Dei samarbeidsgevinstane som er funne gjeld base, forsyningsteneste, beredskapsteneste og helikopterdrift.

Driftseining i Stjørdal kombinert med basefunksjonar på Helgeland er vurdert, men funne lite kostnadseffektivt. BP har ikkje vurdert basefunksjon i Kristiansund kombinert med driftsorganisasjon i Stjørdal fordi dette openbert vil vere mindre kostnadseffektivt enn å samlokalisere desse funksjonane i Kristiansund.

Ilandføring

Det er i dag ingen kundar i Midt-Noreg som kan motta gassen frå Skarv til ein konkurransedyktig pris. Det vil ikkje vere mogleg økonomisk å leggje opp til ei delt løysing der noko gass vert sendt til land i Midt-Noreg og noko går gjennom Åsgard transportsystem.

Skarv vil, gjennom landbaserte støttefunksjonar, føre til verdiskaping i regionen. I utbyggingsfasen er det forventa at Skarv vil gje regional verdiskaping i Nordland på 400 mill. kroner fordelt over fire år. I driftsfasen er det forventa at Skarv vil føre til regional verdiskaping på omtrent 140 mill. kroner årleg.

CO2

Kraftverk til havs og på land er underlagt dei same lovverk og direktiv med omsyn til utslepp til luft. Det er krav om å nytte beste tilgjengelege teknologi (BAT) som er godkjent for bruksområdet. Den teknologien som i dag er tilgjengeleg og godkjent for bruk til havs har ikkje same verknadsgrad som landbasert kraftproduksjon. Dette skuldast mellom anna plass- og vektgrenser.

1.1.6 Nordland fylkeskommune og Skarvutvalet i Nordland

Skarvutvalet i Nordland er sett saman av følgjande partar; Nordland fylkeskommune, kommunane Alstadhaug, Bodø, Brønnøy, Narvik, Rana og Vefsn i tillegg til NHO Nordland og LO Nordland.

Ringverknader

Skarvutvalet ønskjer at BP skildrar nærare kva som vil bli gjort, og kva verkemiddel som vil bli teke i bruk for å skape størst moglege regionale verknader med basis i driftsstøtteeininga. Dei bed om at det blir lagt til rette for kompetanseutvikling og overføring av fleire oppgåver og funksjonar til basane i fylket.

Skarvutvalet ønskjer at det skal bli lagt til rette for størst mogleg del av regionale leveransar til leverandørverksemdene i Nordland. BP bør klargjere tydelegare kva potensial verksemdene i Nordland har for leveransar, og kva som skal til for å utløyse dette.

Miljøstandard

Skarvutvalet bed BP om å klargjere forskjellen mellom den miljøstandarden som blir vald for Skarv og den standarden som blir lagt til grunn i Forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten.

Kommentar

Ringverknader

BP vil leggje vedlikehalds- og modifikasjonsplanleggjing, logistikk og ein innkjøpsfunksjon til Sandnessjøen. BP har allereie begynt å leggje til rette for lokal og regional industri gjennom leverandørseminar og etablering av leverandørnettet LOG Nord. Rekruttering av personell til havs skjer på ein nasjonal marknad. Erfaringa tilseier at regional del av personellet vil auke over tid. BP vil nytte seg av tilgjengeleg basestruktur i Sandnessjøen og avtalar vil bli inngått på vanleg forretningsgrunnlag.

Miljø

Hovudforskjellen i miljøstandard for Barentshavet og Lofoten og områda lengre sør er at ein i Barentshavet forventar null utslepp av produsert vatn og borekaks. Skarvutbygginga vil følgje dei krava som gjeld for regionen. Basert på ei heilskapleg miljøvurdering ser ikkje BP at det har ei hensikt å leggje seg på ein fysisk nullutsleppstandard sjølv om det hadde vore mogleg teknisk. BP legg BAT til grunn ved val av utbyggingsløysingar for å oppnå så god miljø- og energioptimal utbygging og drift som råd er. Det er ikkje funnen ein miljøgevinst ved fysisk nullutslepp av produsert vatn og vassbasert borekaks i forhold til dei valde løysingane. Reinjeksjon av produsert vatn vil føre med seg store utslepp til luft frå boring av dedikert brønn og frå pumping av produsert vatn ned i undergrunnen under drift. Transport av vassbasert borekaks til land vil også gje utslepp til luft frå transport og i tillegg vil avfallet vere eit stort volum som må bli handsama og deponert på land. Skarv planlegg å inngå i den regionale beredskapen på Haltenbanken.

1.1.7 Troms fylkeskommune

Ringverknader

Troms fylkeskommmune påpeikar at det er viktig at BP vil bidra til å kvalifisere regionalt næringsliv til å ta ein større del av leveransane. Det må bli utarbeidd ei nærare skildring av korleis ei slik kvalifisering skal bli gjennomført. Landsdelen har ei rekkje aktørar innan miljø og beredskap. Vidareutvikling av miljøberedskapen er ein viktig forutsetnad for opning av nye olje- og gassfelt på nordlandssokkelen og i Barentshavet. Troms fylkeskommune meiner også BP bør klargjere nærare kva aktørar som vil vere særleg aktuelle å bruke i tilknytting til Skarv. Troms fylkeskommune ønskjer også at BP i samarbeid med regionale styresmakter etablerer eit system for å måle og dokumentere dei regionale ringverknadene.

Kommentar

Ringverknader

Utbyggar har starta å leggje til rette for lokal og regional industri gjennom leverandørseminar og etablering av leverandørnettet LOG Nord. Skarv planlegg å gå inn i den regionale beredskapen på Haltenbanken. BP er også medlem av NOFO, og det er ikkje forventa at det vil bli inngått fleire avtalar enn dei NOFO allereie har etablert. BP vil i samarbeid med lokale kunnskapsorganisasjonar etterprøve dei samfunnsøkonomiske anslaga i konsekvensutgreiinga. Når utbyggingsprosjektet er ferdig vil det bli gjort ei etterprøving av regionale og lokale vare- og tenesteleveransar, inkludert sysselsetjingseffekter. I driftsfasen vil det bli gjort ei evaluering etter to til tre års drift over kva deltaking det lokale og regionale næringslivet har oppnådd og kva ringverknader drifta har ført med seg.

1.1.8 Harstad kommune

Base- og driftsstruktur

Harstad kommune bed Regjering og Storting om å avvise ei delt løysing mellom Stavanger og Sandnessjøen når det gjeld drift av Skarvfeltet. Kommunen meiner nordnorske olje- og gassfelt skal ha all drift- og basestruktur i landsdelen. Ein fullverdig driftsorganisasjon i Harstad, forsyningsbase i Sandnessjøen og helikopter frå Brønnøysund vil styrkje oljemiljøet i nord og skape store ringverknader for samfunn og næringsliv. Harstad kommune meiner også at ei styrkjing av Harstad som nordnorsk oljesenter vil vere i tråd med nordområdesatsinga til regjeringa. Harstad kommune nyttar også høvet til å tilbakevise bildet skapt i konsekvensutgreiinga til BP av Harstad som ein by i stagnasjon. Byen har hatt folkevekst i både 2005 og 2006 og er inne i ei positiv utvikling.

Kommentar

Base- og driftsstruktur

BP har for små operasjonar i Noreg til å kunne etablere to sjølvstendige driftsmiljø. Selskapet er avhengig av å dra nytte av synergieffektar mellom driftsorganisasjonane sine i Stavanger og av å dele fagressursar mellom desse. BP ser på den foreslåtte lokaliseringsløysinga som å vere i tråd med dei signala Stortinget og Regjeringa tidlegare har gjeve og meiner den ikkje bryt med det etablerte mønsteret for drifts- og basestruktur. Det er allereie etablert ein helikopterbase i Brønnøysund og ein forsyningsbase i Sandnessjøen. Utbyggar viser til at det i konsekvensutgreiinga konsekvent er brukt data frå 1. januar 2005.

1.1.9 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har innhenta uttaling frå Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet har ingen merknader til forslaget til konsekvensutgreiing. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ingen ytterlegare merknader.

1.1.10 Fiskeridirektoratet

Arealdekkjing

Fiskeridirektoratet peikar på at det ikkje går fram i konsekvensutgreiinga om røyra mellom produksjonsskipet og dei ulike produsentane på havbotnen skal bli gravd ned i sjøbotnen, om det er planlagt at dei skal bli beskytta på annan måte eller om dei skal liggje ubeskytta på botnen.

Korallar

Fiskeridirektoratet påpeikar også at det både i samband med utplassering av undervassinstallasjonar og røyr er viktig at sjøbotnen vert kartlagt slik at ein unngår å leggje røyr eller at det blir dumpa stein over eventuelle konsentrasjonar av korallar.

Kommentar

Arealdekkjing

Utbyggar viser til at omfanget av nedgraving og grusleggjing av feltrøyr ikkje var klarlagt før konsekvensutgreiinga var ferdig. Røyra mellom produksjonsskipet og produsentane vil i utgangspunktet liggje ubeskytta på havbotnen. Eksportrøyret vil bli steindumpa i visse delar av traséen. Utbyggar påpeiker at sidan det hovudsakleg foregår linefiske i området er det ikkje forventa negative konsekvensar på grunn av feltrøyr eller eksportrøyr.

Korallar

I følgje utbyggar har det blitt gjort fleire undersøkjingar av havbotnen i området som også har inkludert kartleggjing av korallar. På bakgrunn av dette vart det utarbeida kart som inkluderer alle korallfunn og desse karta er blitt brukt for å unngå at undervassinstallasjonar og røyr blir lagt til område med korallforekomstar. Utbyggar sin framgangsmåte og strategi er diskutert med Havforskningsinstituttet og denne dialogen vil fortsetje vidare iprosjekteringsfasen.

1.1.11 Noregs fiskarlag

Utslepp til sjø

Noregs Fiskarlag vil peike på at det i konsekvensutgreiinga vert uttala «gitt et maksimalt bidrag til de totale produsert vann-utslippene i regionen på under 1% av Skarvutbyggingen, forventes ikke miljømessig målbare effekter av produsert vann-utslipp frå feltet». Noregs Fiskarlag meiner dette ikkje er i samsvar med tidlegare dokumentasjon frå Nordsjøen. Dei ser at det kan vere vanskeleg å måle dei totale utsleppa av produsert vatn sin efffekt på miljøet, men det er den totale belastninga som må bli vurdert i forhold til tiltak som blir iverksett. Noregs Fiskarlag krev at ein vurderer om det er grunnlag for å iverksetje tiltak som gjev null miljøpåverknad frå denne utbygginga.

Kommentar

Utslepp til sjø

Utbyggar viser til at Oljeindustriens landsforening, i samarbeid med Olje- og energidepartementet har ansvaret for å oppdatere dei regionale konsekvensutgreiingane. Utbyggar har gjort ein analyse for å vurdere og samalikne handtering av produsert vatn. Analysen konkluderte at reinsing og utslepp var best i dette tilfellet på bakgrunn av følgjande:

  • Låge vassvolum

  • Lågt forbruk og dermed låge utslepp av kjemikaliar

  • EIF-verdi 1 for utslepp til sjø er rekna til å vere svært låg.

  • Ein dedikert reinjeksjonsbrønn vil gje auka utslepp til sjø og luft frå boring

  • Reinjeksjon fører med seg auka utslepp til luft fordi pumpene som pumpar vatnet tilbake er kraftkrevjande. Det reinjiserte vatnet vert ikkje brukt som trykkstøtte og reinjisering er dermed berre for å deponere vatnet.

  • BAT vil bli brukt for å reinse vatnet før det blir slept til sjø. Det vil bli lagt opp til at reinjeksjon av produsert vatn kan bli inkludert på eit seinare tidspunkt.

1.1.12 Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet støttar hovudtrekka i høyringsuttalingane frå Statens forurensingstilsyn og Direktoratet for naturforvaltning (DN). Miljøverndepartementet ønskjer eit betre grunnlag for å ta ei avgjerd når det gjeld val av injiseringsløysing. Dei bed difor om at det blir gjennomført ein grundigare analyse av moglegheiter for vassinjeksjon med tilretteleggjing for CO2 -injeksjon på eit seinare tidspunkt. Miljøverndepartementet bed også om at utbyggar tek kontakt med DN ved eventuelle funn av korallar.

Kommentar

Utbyggar har gjort ei grundig vurdering av både vassinjeksjon og gassinjeksjon. Avgjerda om gassinjeksjon framfor vassinjeksjon vart teken på grunnlag av ei heilskapleg vurdering der både HMS, prosess- og boretekniske vurderingar og kostnad inngjekk. Det er ikkje tilgjengeleg teknologi for CO2 -fangst frå avgass frå gassturbinar til havs og CO2 -innhaldet i den produserte gassen frå Skarv er for lågt til at eit aminanlegg tilsvarande det som finnest på Sleipner vil vere eit alternativ. Sleipner reduserar CO2 -innhaldet i gasstraumen frå ni prosent til tre prosent. Gassen frå Skarv inneheld to til tre prosent CO2 . Det er difor ikkje CO2 tilgjengeleg for deponering. Det er heller ingen andre kjelder av CO2 tilgjengeleg for injeksjon på Skarv på kort og mellomlang sikt.

Det er identifisert korallar i området og det er etablert eit samarbeid mellom utbyggar og Havforskningsinstituttet for å handtere dette så godt som råd er. Utbyggar vil også gje DN tilgang til kart og planar.

1.1.13 Statens forurensingstilsyn

Statens forurensingstilsyn (SFT) bed om at utbyggar ved val av utbyggingsløysingar legg BAT til grunn for å oppnå ei så god miljø- og energioptimal utbygging og drift som råd er. SFT bed i tillegg om at det i vurderingane av avbøtande tiltak for å redusere utslepp og beskytte naturmiljøet blir teke omsyn til moglege framtidige aktivitetar i området.

Utslepp til luft

SFT legg også til grunn at utbyggar ved val av borerigg legg vekt på at denne har dieselmotorar med høg verknadsgrad, lågt forbruk av diesel samt reduserte NOx-utslepp. Vidare legg SFT til grunn at det vert nytta diesel med så lågt svovelinnhald som mogleg slik at utslepp av svovel vert minimert. SFT legg også til grunn at utbyggar ved val av turbinar brukar DLE-teknologi både for turbinar som går berre på gass, og for dei som kan gå både på væske og gass.

Utslepp til sjø

SFT minner om at kravet i HMS-forskriftene om at konsentrasjon av olje i vatn som blir slept ut til sjø skal vere så lågt som mogleg. SFT forutset at utbyggar gjer ei heilskapleg vurdering av kva løysing som vil tene miljøet best.

Arealdekkjing

I samband med leggjing av røyr, plassering av anker samt utslepp av vassbasert kaks minner SFT om at i tillegg til utbreiing av korallar må det takast omsyn til utbreiinga av svampar og andre organismar som lever på havbotnen i området.

Miljørisiko

SFT forventar også at utbyggar vil utføre naudsynte miljørisikoanalysar og ha dekkjande beredskapsplan før aktivitetane startar.

Kommentar

Utbyggar legg BAT til grunn for å oppnå ei så miljø- og energioptimal utbygging og drift som råd er.

Utslepp til luft

Utbyggaren vil nytte ein heilt ny borerigg som for tida er under bygging. Motorane vil vere effektive og ha lågare utslepp enn riggar som vert nytta i dag. Dei planane som ligg føre no er å nytte to kombinert gass/væske DLE-turbinar og to gass DLE-turbinar. Dersom det oppstår problem med dei kombinerte gass/væske-turbinane kan desse bli gjort om til reine gass-DLE-turbinar.

Utslepp til sjø

Utbyggar viser til at Oljeindustriens landsforening, i samarbeid med Olje- og energidepartementet har ansvaret for å oppdatere dei regionale konsekvensutgreiingane. Utbyggar har gjort ein analyse for å vurdere og samalikne handtering av produsert vatn. Analysen konkluderte at reinsing og utslepp var best i dette tilfellet på bakgrunn av følgjande:

  • Låge vassvolum

  • Lågt forbruk og dermed låge utslepp av kjemikaliar

  • EIF-verdi for utslepp til sjø er rekna til å vere svært låg.

  • Ein dedikert reinjeksjonsbrønn vil gje auka utslepp til sjå og luft frå boring.

  • Reinjeksjon fører med seg auka utslepp til luft fordi pumpene som pumpar vatnet tilbake er kraftkrevjande. Det reinjiserte vatnet vert ikkje brukt som trykkstøtte og reinjisering er dermed berre for å deponere vatnet.

  • BAT vil bli brukt for å reinse vatnet før det blir slept til sjø. Det vil bli lagt opp til at reinjeksjon av produsert vatn kan bli inkludert på eit seinare tidspunkt.

Arealdekkjing

Utbyggaren vil i alle aktivitetar søkje å redusere påverknad av havbotnen. Det er identifisert korallar i området og det er etablert eit samarbeid mellom utbyggar og Havforskningsinstituttet for å handtere dette så godt som råd er. Utbyggar vil også gje DN tilgang til kart og planar. Desse karta blir også brukt for å unngå at undervassinstallasjonar og røyr blir lagt til område med korallførekomstar.

Miljørisiko

Miljørisikoanalyse er utført og beredskapsplanen er under utarbeiding.

1.1.14 Direktoratet for naturforvaltning

Korallar

Direktoratet for naturforvaltning (DN) saknar ei vurdering av totalomfanget av dei korallressursane og andre sårbare botnhabitat som ein kan forvente blir øydelagt eller påverka.

Sjøfugl

DN påpeikar også at influensområdet av eventuelle utslepp omfattar fleire av dei aller viktigaste områda for sjøfugl i heile Noreg, men dei meiner at konsekvensane for desse områda og artane ikkje er skildra i konsekvensutgreiinga. DN viser også til at utbyggar viser bestandsreduksjon av lunde ved ulike utslepp, men at det ikkje er skissert kva dette i så fall betyr for arten. DN viser også til at ein innanfor influensområdet finn nordleg sildemåke, som er ein av dei mest trua artane i Noreg. DN meiner at konsekvensane for denne og andre sentrale fugleartar og sjøpattedyrartar ikkje er utgreia.

Miljørisiko

DN meiner at bakgrunnen for utrekningane av risikonivået er vanskeleg tilgjengeleg og burde vore skildra tydelegare.

Verneområde

DN reagerer på at konsekvensane for dei verneområda som ligg i influensområdet ikkje er skildra i konsekvensutgreiinga.

Kommentar

Korallar

Utbyggaren vil i alle aktivitetar søkje å redusere påverknad av havbotnen. Det er identifisert korallar i området og det er etablert eit samarbeid mellom utbyggar og Havforskningsinstituttet for å handtere dette så godt som råd er. Utbyggar vil også gje DN tilgang til kart og planar. Desse karta blir også brukt for å unngå at undervassinstallasjonar og røyr blir lagt til område med korallførekomstar.

Sjøfugl

Utbyggar seier at konsekvensar for sjøfugl, marine pattedyr og sårbare område er knytta til hendingar med akutte utslepp av olje. Desse forholda er handsama i konsekvensutgreiinga. Utbyggar viser til at utvalget av artar som det er berekna konsekvensar for i hovudsak er grunngjeve i korvidt dei er i området og kor sårbare dei er for olje. Utbyggar vil inkludere nordleg sildemåke, samt marine pattedyr som havert og steinkobbe i miljørisikoanalysen.

Miljørisiko

Utbyggar viser til at miljørisikoanalysen er utført i samsvar med den rettleiinga som er gjeven av OLF. I miljørisikoanalysen for Skarv er både metode og resultat grundig dokumentert, og utbyggar har sagt seg villig til å gjere miljørisikoanalysen tilgjengeleg.

Verneområde

Uttbyggar viser til at effektar på strandområde generelt er inkludert i miljørisikoanalysen og har låg forventa miljørisiko. Verneområde vil dessutan ha høgaste prioritet i forhold til oljevernberedskap og under ein eventuell oljevernaksjon.

1.1.15 Havforskningsintituttet

Utslepp til sjø

Havforskningsinsituttet bed utbyggar gjere greie for kva ei ALARP-vurdering betyr og prinsippa bak denne. Havforskningsinstituttet ønskjer i utgangspunktet ei løysing med reinjisering av det produserte vatnet, og vil gjerne sjå gode og overbevisande argument dersom den alternative løysinga med utslepp til sjø blir valt.

Korallar og arealdekkjing

Havforskningsinstituttet viser til at utbyggar har opplyst at under leggjing av røyra vil det fortrinnsvis bli nytta røyrleggjingsfarty som nyttar dynamisk posisjonering. Dei viser til at utbyggar difor hevdar at det ikkje vil vere fare for påverknad på sjøbotnen og eventuelle korallar frå anker på røyrleggjingsfarty. Havforskningsinstituttet viser til at overvaking skal gjennomførast for å skildre effektane på faunaen på sjøbotnen. Dei bed om at denne overvakinga blir gjort grundig slik at det blir framskaffa god dokumentasjon både av effektene av dei fysiske installasjonane og eventuelle nedslammingseffektar frå boreoperasjonane.

Kommentar

Utslepp til sjø

Utbyggar har utført ei vurdering av dei totale miljøpåverknadene av ulike løysingar av handtering av produsert vatn for å evaluere kva alternativ som heilskapleg vil tene miljøet best. ALARP-vurdering tyder «As low as reasonably practicable». Denne analysen viste at reinsing og utslepp vil vere den beste løysinga på bakgrunn av følgjande forhold:

  • Låge vassvolum

  • Lågt forbruk og dermed låge utslepp av kjemikaliar

  • EIF-verdi for utslepp til sjø er rekna til å vere svært låg.

  • Ein dedikert reinjeksjonsbrønn vil gje auka utslepp til sjå og luft frå boring.

  • Reinjeksjon fører med seg auka utslepp til luft fordi pumpene som pumpar vatnet tilbake er kraftkrevjande. Det reinjiserte vatnet vert ikkje brukt som trykkstøtte og reinjisering er dermed berre for å deponere vatnet.

  • BAT vil bli brukt for å reinse vatnet før det blir slept til sjø. Det vil bli lagt opp til at reinjeksjon av produsert vatn kan bli inkludert på eit seinare tidspunkt.

Korallar og arealdekkjing

Alle dei feltinterne røyra mellom produksjonsskipet og rammene på havbotnen vil bli lagt med eit dynamisk posisjonert farty. Eksportrøyret er av ein slik diameter at det berre er eit fåtal farty på verdsbasis som kan utføre eit slikt oppdrag. Berre eitt av desse fartya har dynamisk posisjonering. Utbyggar vil gå gjennom ein anbudsprosess der både tekniske-, HMS- og økonomiske vurderingar blir gjort. Dersom eit farty med anker blir valt vil det bli sett i verk prosedyrar som gjer at påverknad av ankerkjettingane på havbotnen blir redusert. I tillegg vil det bli utført ein forstudie med undersøkjing av ankerlokasjonane for å sikre at ingen korallrev blir skada. Havforskningsinstituttet vil bli bedd om å bidra i utarbeiding av eit overvakingsprogram og i sjølve analysen av resultata.

Fotnotar

1.

Environmental Impact Factor

Til forsida