St.prp. nr. 5 (2007-2008)

Utbygging, anlegg og drift av Skarv

Til innhaldsliste

4 Konsekvensutgreiing

Det er utarbeida konsekvensutgreiing for plan for utbygging, anlegg og drift for Skarv.

Konsekvensutgreiingane gjev ei oversikt over forventa verknader gjennomføringa får for anna næringsverksemd og almene interesser som natur og miljø. Utgreiinga viser mellom anna korleis omsyn til forhold knytt til miljø og fiskeri er teke vare på gjennom utforminga av tekniske løysingar. Utgreiinga peikar også på framlegg frå rettshavarane om tiltak for å bøte på eventuelle problem.

Operatøren har sendt konsekvensutgreiinga på høyring til aktuelle høyringsinstansar. Nedanfor vert det gjeve eit samandrag av konsekvensane utbygginga har for miljøet og samfunnet. Eit samandrag av høyringsfråsegnene og operatøren sine kommentarar til desse finnest i vedlegg 1.

Ved sida av den feltspesifikke konsekvensutgreiinga vert det også vist til oppdatert versjon av regional konsekvensutgreiing for petroleumsverksemda (RKU) i Norskehavet frå 2003.

4.1 Utslepp til luft

Utslepp til luft i utbyggingsfasen vil vere frå boreoperasjonar, installasjonsaktivitetar og naudsynt transportverksemd i samband med utbygginga. I driftsfasen vil utslepp til luft komme frå kraftgenerering, transportverksemd til og frå feltet, diffuse utslepp frå prosessanlegget og fakling. Operatøren går ut frå at Skarv vil inngå i ein områdeberedskap for Haltenbanken slik at det ikkje er naudsynt å ha eit eige beredskapsfarty liggjande ved produksjonsskipet.

Dei totale utsleppa i samband med boreoperasjonar er estimert til om lag 53 000 tonn CO2 , 1 200 tonn NOx , 85 tonn VOC og 50 tonn SO2 . Tilsvarande er maksimale utslepp per år i driftsfasen estimert til om lag 490 000 tonn CO2 , 550 tonn NOx og i overkant av 50 tonn nmVOC. Dette svarar i følgje operatøren til maksimalt 0,2 pst. av nasjonale utslepp av NOx og i underkant av 1 pst. av nasjonale utslepp av CO2 i 2005.

Årlege utslepp i samband med helikoptertrafikk i borefasen er estimert til om lag 590 tonn CO2 , 13 tonn NOx , 9 tonn nmVOC og 0,5 tonn SO2 per år. Tilsvarande utslepp i produksjonsfasen er 420 tonn CO2 , 9 tonn NOx , 6,6 tonn nm VOC og 0,4 tonn SO2 .

Kraftanlegget på Skarv vil vere fire LM2500-turbinar med låg-NOx -teknologi. To av desse er reine gassturbinar og to er kombinert gass-væske-turbinar. Samansetninga av turbinar er basert på optimal balanse mellom krav til helse, miljø, tryggleik og regularitet i produksjonen.

Skarv har lagt opp til gjenvinning av VOC både på produksjonsskipet og på skytteltankarane. I tillegg skal ein gjenvinne varmen frå eksosgassen frå turbinane og nytte denne som varmemedium i prosessen. Dette erstattar annan oppvarming og reduserer dermed utslepp til luft. Det er også eit mål å minimere faklinga frå brønntesting og oppstart av brønnar.

4.2 Utslepp til sjø

Produksjon av ressursane på Skarv vil føre med seg utslepp til sjø i utbyggingsfasen og i driftsfasen. I utbyggingsfasen vil utsleppa kome frå boreoperasjonar og klargjering av røyr for drift. I driftsfasen vil alle prosessutslepp til sjø skje frå produksjonsskipet. Hydraulikkvæske i samband med drift av ventilar på brønnhovudet ved rammene på havbotnen vil gå i lukka system og er ikkje planlagt sleppt ut. Dette vil ikkje vere miljøfarleg væske.

Dei regulære utsleppa til sjø vil normalt vere avfall frå boring (borekaks og vassbasert borevæske), kjemikaliar knytta til klargjering av røyr, produsert vatn med restar av produksjonskjemikaliar, kjølevatn, drenasjevatn og sanitæravløpsvatn.

Det har vore vurdert injeksjon av produsert vatn. Valet av reinsing er teke for å minimere total miljøpåverknad. Utrekningar viser at å velje reinjeksjon vil føre til forhøga utslepp til luft og sjø sidan ein då må bore ein ekstra brønn og reinjeksjon av produsert vatn er kraftkrevjande, samtidig som kostnadene dette vil føre med seg ikkje kan forsvarast sidan den totale mengda av produsert vatn er relativt liten. Maksimalt innhald av olje i produsert vatn er 15 milligram per liter. Operatøren har valt eit tredelt reinsekonsept med flotasjon, syklon og absorbsjonsfiltrering. I tillegg er det lagertanker tilgjengeleg for å lagre fleire dagars vassproduksjon og re-reinse dersom vasskvaliteten ikkje er god nok. Reinseprosessane fangar ikkje i same grad opp dei oppløyste komponentane som finnest i det produserte vatnet. Difor er det også lagt til rette for framtidig injeksjon av produsert vatn dersom vassmengder eller –kvalitet har store avvik frå prognosane. Operatøren ser på løysinga som den beste moglege miljøløysinga (BAT) på Skarv.

Maksimum bidrag til dei totale utsleppa av produsert vatn i området er under 1 pst. Maksimalt vil det vere i underkant av 900 m3 per døger, som gjev 330 000 m3 per år.

Kjemikaliar brukt i Skarv vil vere grøne eller gule, etter § 56 b i aktivitetsforskrifta.

Under boring er det planlagt å sleppe ut borekaks frå dei seksjonane ein borar med vassbasert boreslam. Dette vil bli gjort så lenge ein ikkje kan grunngje at det fører til uakseptabel miljøskade. Dersom det blir naudsynt å bore dei djupare seksjonane med oljebasert borevæske, vil dette bli frakta til land for forsvarleg handsaming. Det er lagt opp til gjenvinning både for olje- og vassbasert boreslam. Dette gjer at volumet av borekaks vil bli redusert med om lag 30 pst. for oljebasert slam og inntil 50 pst. for vassbasert slam. Det totale utsleppet av borekaks på sjøbotnen frå boring av 20 brønnar vil bli i underkant av 14 000 m3 .

I installasjonsfasen kan det vere aktuelt med grøfting av traséar for røyr og steindumping over røyra. Ved klargjering av feltrøyr og eksportrøyr vil det bli nytta kjemikaliar. Val av og bruk av kjemikaliar vil bli optimalisert for å redusere utslipp til sjø.

4.3 Arealdekkjing og fysiske inngrep

Operatøren har vore i dialog med fiskarlag hausten 2005. Desse samtalane viser at i området rundt Skarvfeltet blir det ikkje drive særleg mykje lokalt fiske. Satelittsporing viser at det ikkje har vore tråling rundt Skarv dei siste fem åra. Det foregår sporadisk fiske med autoline frå mars/april og ut året. Området er ikkje viktig for trål- og garnfiske. Det er ikkje kartlagt gytefelt i området som blir berørt av den planlagte bygginga. Utbygginga av Skarvfeltet vil difor ikkje ha verknad på rekrutteringa til fiskebestandane.

Alle installasjonane på havbotnen kan trålast over. Det vil vere ei tryggleikssone på 500 meter rundt produksjonsskipet.

Røyra vil også kunne trålast over og dei vil vere delvis dekka med stein. Frispenn vil bli forsøkt redusert samstundes som ein søkjer å redusere omfanget av steindumping. Steinfyllingar kan gje ulemper for fiskeriverksemda, men dette avheng av storleik, form og samansetnad av steinfyllinga. Steinen som blir lagt ut vil vere av ein slik dimensjon og form at det ikkje skal skade trålreiskapar.

Det er ikkje venta at utbygginga vil føre til støy som kan føre til skadelege konsekvensar for omgjevnadene på felta. I samband med boring vil det vere ei tryggleikssone rundt boreriggen på 500 meter. Aktivitetane i samband med produksjonsboring og installering av feltanlegg vil strekkje seg over eit tidsrom på 36 månader, og kan føre med seg større ulemper for fisket enn aktiviteten i driftsfasen.

Fiskeriverksemda i området er lite avhengig av stad, og foregår over eit større område. Difor er det ikkje venta at den tidsavgrensa aktiviteten knytta til feltutbygging vil føre med seg merkbare fangstreduksjonar. Konsekvensane for fiskeriaktiviteten av boreaktiviteten er difor forventa å vere marginale. Det er indentifisert korallar i området. Operatøren har etablert eit samarbeid med Havforskningsinstituttet for å handtere dette så godt som råd er.

4.4 Konsekvensar for samfunnet

Investeringane i prosjektet er forventa å vere om lag 31 000 mill. kroner. Hovudtyngda av investeringane vil skje i perioden 2007-2011.

Skarvutbygginga vil gje vare- og tenesteleveranser og skape verdifulle sysselsetjingseffekter i det norske samfunnet både i utbyggings- og driftsfasen. Det er venta at bortimot halvparten vil vere norske leveransar og av dette er det venta regionale leveransar på ein verdi av i overkant 400 mill. kroner. Basert på erfaringar frå norsk leverandørindustri sin konkurransedugleik og kompetanse er det venta monalege oppdrag til norsk industri.

I driftsfasen er det anslått rundt 640 mill. 2007-kroner i årlege norske leveransar. Av dette er rundt 140 mill. 2007-kroner venta å vere regionale leveransar. Det kan særskilt nemnast at det er gode muligheter for næringslivet i Helgelandsregionen i samband med ei eventuell lokal tildeling av kontraktar på vedlikehald og modifikasjonar i driftsfasen. Operatøren vil i samarbeid med lokale kunnskapsorganisasjonar etterprøve dei samfunnsøkonomiske anslaga i konsekvensutgreiinga.

Til forsida