St.prp. nr. 5 (2007-2008)

Utbygging, anlegg og drift av Skarv

Til innhaldsliste

7 Konklusjonar og vilkår

Departementet sluttar seg til plan for utbygging og drift av Skarv i samsvar med planane operatøren har lagt fram og med dei merknadene som går fram av denne proposisjonen, og på følgjande vilkår:

  1. Rettshavarane i Skarv skal gjennomføre eit program, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som skal leggje til rette for å utvikle teknologi for overføring av store kraftmengder til produksjonsskip. Programmet skal bli forelagt styresmaktene innan utgangen av 2008.

Departementet gjev løyve til anlegg og drift av røyret frå Skarv til Åsgard transportsystem i samsvar med planane operatøren har lagt fram, med dei merknadene som går fram av denne proposisjonen, og på følgjande vilkår:

  1. Rettshavarane finn ei løysning på reparasjonsberedskapen som oppfyller krava i tilknytingsavtalane med Gassled, t.d. medlemskap i Pipeline Repair System

  2. Gassco må bli involvert i Skarv sine driftsførebuingar som gjeld forhold knytt til dagleg driftsovervaking, grensesnittprosedyrer og trykksikring av Gassled område B.

  3. Rettshavarane i Skarv må medverka i det vidare arbeidet for å finne løysingar på utfordringane knytt til økt CO2 - og H2 S- innhald i gassen frå Haltenbanken.

  4. Rettshavarane må gjennomføre ein risikoanalyse av røyrleggjingsoperasjonen med ein oversikt over risikoreduserande tiltak som eventuelt må bli iverksett.

  5. Departementet kan på eit seinare tidspunkt krevje oppretta eit eige interessentskap for røyret, sett saman av rettshavarane i utvinningsløyva til Skarv.

  6. Departementet kan på eit seinare tidspunkt utpeike ny operatør for røyret.

  7. Departementet kan på eit seinare tidspunkt regulere tariffar og andre vilkår for bruk av røyret.

  8. Departementet vil på eit seinare tidspunkt kunne påleggje innlemming av gassrøyret frå Skarv til Åsgard transportsystem i Gassled. Etter eit slikt eventuelt pålegg skal partane forhandle fram vilkåra for innlemming. Dersom det ikkje blir semje om vilkåra for innlemming i Gassled innan rimeleg tid, kan departementet avgjere korleis innleminga skal skje, og fastsetje deltakardel til den einskilde i Gassled etter innleminga. Departementet vil fastsetje eigarfordeling og vilkår som, slik departementet vurderer det, gjev deltakarane rimeleg forteneste, mellom anna ut frå investering og risiko.

  9. Løyve for gassrøyret gjeld til 2. februar 2033.

Til forsida