St.prp. nr. 5 (2007-2008)

Utbygging, anlegg og drift av Skarv

Til innhaldsliste

5 Vurdering av anlegg og drift for gasseksportrøyret

5.1 Vurdering frå Gassco AS

Gassco er operatør for mesteparten av det norske gasstransportsystemet, og har også eit særskilt ansvar for koordineringa av utbygging av ny gasstransportkapasitet. Departementet har difor innhenta ei vurdering frå Gassco av plan for anlegg og drift av røyret frå Skarv til Gassled område B (Åsgard transportsystem).

Gassco har sidan 2003 gjennomført ei rekkje studier av gasstransportbehovet for Norskehavet. I desse studia har gassen frå Skarv vore ein sentral del av ressursgrunnlaget. I dei første undersøkjingane såg det ut til å vere vanskeleg å transportere Skarv-voluma i det eksisterande gasstransportsystemet. Sidan 2003 har Skarvutbygginga blitt utsett og produksjonsprognosar frå eksisterande felt på Haltenbanken er blitt lågare enn ein først trudde. Dette har resultert i at det ligg an til å vere ledig kapasitet i Gassled til å transportere gassen frå Skarv i det eksisterande systemet.

Gassco meiner at alle relevante gassevakueringsløysingar har vore vurdert og at den beste løysinga er den rettshavarane har vald med gassevakuering via Åsgard transportsystem.

Gassco påpeikar at det i PAD-dokumentasjonen ikkje kjem fram kva for reparasjonsberedskap som er planlagt for røyret frå Skarv til Åsgard transportsystem. Gassco bed difor om at rettshavarane vert medlem i Pipeline Repair System eller på andre måtar finn løysingar som tek omsyn til krava i tilknytingsavtalane med Gassled når det gjeld reparasjonsberedskap.

På bakgrunn av at røyret frå Skarv skal bli knytta på Gassled-systemet meiner Gassco det er viktig med god kontakt mellom BP som operatør for røyret frå Skarv og Gassco som operatør for Gassled når det gjeld driftsførebuingar, tryggleik og drift av gassrøyret. Gassco bed difor om at det blir stilt vilkår om at Gassco blir involvert i Skarvprosjektet sine driftsførebuingar. Dette gjeld forhold knytt til dagleg driftsovervaking, grensesnittprosedyrar og trykksikring av Åsgard transportsystem.

Gassen frå Skarv har for mykje CO2 og H2 S i forhold til kravspesifikasjonane i Gassled.

Gassco har eit større arbeid pågåande for å finne CO2 -løysingar for gassen frå Haltenbanken, inklusive Skarv. Dette arbeidet har ikkje konkludert enno, og det er mange usikre moment knytt til val av løysing og kostnadene relatert til desse. Gassco gjennomfører også for tida eit arbeid om H2 S-fjerningskapasitet på Kårstø.

Skarv legg til grunn bruk av eksisterande CO2 -fjerningsfasilitetar og/eller tilstrekkeleg blanding på Kårstø. Situasjonen er derimot slik at kapasiteten i dei eksisterande fjerningsfasilitetane på Kårstø er utseld og det er heller ikkje i dag klart kor mykje blandingstenester som vil kunne bli tilbydd i 2011.

Gassco ynskjer difor at rettshavarane på Skarv medverkar i det vidare arbeidet med å finne løysingar på dei framtidige utfordringane knytt til økt CO2 - og H2 S- innhald i gassen frå Haltenbanken.

Gassco kommenterer også at dei ikkje kan sjå av PAD-dokumenta at konstruksjonsrisiko for røyret er handsama.

Gassco påpeikar til slutt at røyret frå Skarv til Åsgard transportsystem i stor del skal leggjast parallelt med det eksisterande Nornegassrøyret, og at det ikkje er tilstrekkeleg omhandla i dokumentasjonen kva for ein risiko røyrleggjingsoperasjonen vil gje for Nornerøyret. Gassco bed difor om ein risikoanalyse med ein tilhøyrande oversikt over risikoreduserande tiltak som eventuelt må bli iverksett for å kontrollere denne risikoen på ein tilfredstillande måte.

5.2 Olje- og energidepartementet si vurdering av anlegg og drift av gassrøyret

Som Gassco tek opp i si vurdering er det i dag ledig kapasitet i det eksisterande norske transportsystemet for gassvoluma for Skarv. Gassco seier også at dei meiner at alle relevante gasstransportløysingar er vurdert på ein tilfredsstillande måte og at den beste løysinga er vald. Oljedirektoratet støttar Gassco sitt syn på at den beste løysinga er vald.

Det er gjort store investeringar på norsk sokkel for å leggje til rette for best mogleg utnytting av dei norske gassressursane. Desse investeringane inkluderer investeringar i eit omfattande gasstransportsystem og handsamingsanlegg på land. Det er viktig at nye utbyggingar blir sett i lys av desse investeringane for å sikre at investeringane blir brukt på ein best mogleg måte. Departementet støttar difor rettshavarane, Gassco og Oljedirektoratet sine vurderingar om at den beste løysinga for gasstransport for Skarv er den valde løysinga for transport med tilknyting til Åsgard transportsystem og transport vidare gjennom det norske gasstransportsystemet.

Departementet er oppteken av at gasstransportsystemet på norsk sokkel er organisert på ein kostnadseffektiv måte, der omsyn til eventuell bruk av røyret for andre enn eigarane blir teke vare på. For røyret frå Skarv er det i første omgang ikkje aktuelt å transportere volum frå andre felt. Dette gjer at det i dag ikkje er naudsynt å regulere tariffane i røyret, men dersom det på eit seinare tidspunkt vil vere aktuelt å transportere tredjepartsgass vil departementet stille som vilkår at ein på det tidspunktet kan regulere tariffane i røyret, opprette eit eige interessentskap, utpeike ny operatør og eventuelt innlemme røyret i Gassled.

Til forsida