St.prp. nr. 5 (2007-2008)

Utbygging, anlegg og drift av Skarv

Til innhaldsliste

6 Vurdering av plan for utbygging og drift

6.1 Vurdering frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) har ansvaret for å vurdere arbeidsmiljø og tryggleiksaspekt ved plan for utbygging, anlegg og drift av Skarvfeltet. AID har innhenta vurdering frå Petroleumstilsynet (Ptil).

Ptil si vurdering er at operatøren har ei særleg utfordring med omsyn til å etablere ei robust løysing for områdesegregering som innfrir dei krava regelverket stiller til tryggleik. Den løysinga som er skissert i planen oppfyller, etter Ptil si vurdering, ikkje regelverket. Operatøren er gjort kjend med Ptil si vurdering, og er samd i Ptil si fortolking av regelverket. Operatøren skal på dette grunnlaget arbeide vidare med vidareutvikling av eit optimalt design med fokus på både aktive og passive løysingar for områdesegregering.

AID stiller seg bak Ptil sine vurderingar og anbefalar at planen blir godkjent.

6.2 Vurdering frå Oljedirektoratet

Oljedirektoratet (OD) har vurdert geofaglege, utbyggingstekniske, økonomiske, miljø- og reservoarforhold i samband med utbygginga av Skarv.

OD meiner at operatøren har gjort eit grundig geofagleg arbeid av seismisk kartleggjing, petrofysisk evaluering og geologisk modellering, og at arbeidet er tilstrekkeleg dokumentert. Det er gjort ei tilfredsstillande evaluering av dei usikre elementa i modellane. Etter OD si vurdering gjev kartleggjinga og ressursutrekninga tilfredsstillande grunnlag for å starte utbygginga av Skarv.

Hydrokarbonkontaktane i Skarv sitt B- og C-segment og i Idunsegmentet er ikkje påvist. Desse usikre kontaktane har størst innverknad på uvissa i estimata for kor mykje hydrokarboner det er i reservoara. OD har gjort ein eigen trykkstudie som stadfester stor uvisse knytta til kontaktane. Etter OD sine utrekningar, kan oljevoluma i reservoaret bli redusert med rundt 20 pst. dersom nedsida i hydrokarbonkontaktane i dei ulike segmenta på Skarv blir ein realitet. Det er difor viktig at dei ikkje-påviste kontaktane blir undersøkt i forboringsfasen av feltet, for å redusere uvissa og for å leggje ein optimal dreneringsplan for ressursane.

Før innlevering av plan for utbygging, anlegg og drift har OD hatt fokus på at ressursane i Tiljeformasjonen skal gå inn som ein del av Skarvutbygginga. Tiljeformasjonen har dårleg reservoarkvalitet og låg utvinningsgrad, og det er ein sjanse for at Garnformasjonen i B-segmentet står i kommunikasjon med Tiljeformasjonen i A-segmentet. Ressursane i Tiljeformasjonen må difor bli utvikla tidleg for å få så lang produksjonsperiode som råd er.

Det er planlagt at uvissa i produksjonseigenskapane i Tiljeformasjonen skal bli avklart gjennom boring av utvinningsbrønnar med pilothol og ved produksjonserfaring. OD vil følgje dette nøye i forborings- og oppstartsfasen.

OD har særskilt vurdert om det er mogleg med CO2 -injeksjon. CO2 -innhaldet i den produserte gassen frå Skarv er for lågt til at det er CO2 tilgjengeleg for deponering. Skarvfeltet er hovudsakleg eit gassfelt med noko olje. Operatøren har gjort ei grundig vurdering av både vassinjeksjon og gassinjeksjon. Avgjerda om gassinjeksjon framfor vassinjeksjon vart teken på grunnlag av ei heilskapleg vurdering der både HMS, prosess- og boretekniske vurderingar og kostnader vart teke omsyn til. Produsert gass vil bli reinjisert i reservoaret i ei periode på seks til sju år og vert produsert tilbake i slutten av produksjonstida når oljeproduksjonen stoppar.

OD vurderer reservoarvurderingane og den planlagte produksjonsstrategien til operatøren som tilfredsstillande utført og dokumentert. OD har heller ingen innvendingar til planlagt uvinningsstrategi.

Ressurspotensialet i området er, etter OD si vurdering, godt dokumentert av operatørane. OD påpeikar at det finnest fleire tilleggsressursar det ikkje er planar for i dag. Fleire forhold ved Skarvutbygginga kan føre til at det blir ledig kapasitet for tilleggsressursane tidlegare enn planlagt. OD meiner det er viktig å sikre at prospekt og nye funn i utvinningsløyvet vert mogna fram og fasa inn til produksjonsinnretninga på Skarv etter kvart som det blir ledig produksjonskapasitet. Det bør bli lagt til rette for at dei mest lønsame og væskerike funna blir fasa inn først, samtidig som det kan bli sikra gass til auka oljeutvinning ved ein eventuell forlenga injeksjonsperiode på Skarv.

Idun nord er eit prospekt i utvinningsløyve 159 som ligg utanfor det samordna området. Statoil er operatør for løyvet. Det kan vere kommunikasjon mellom Idun og Idun nord. Det er difor viktig med tidleg avklaring av ressursane i Idun nord. Rettshavarane har inkludert ein leitebrønn i budsjettforslaget sitt for 2008. OD vil følgje opp at rettshavarane i utvinningsløyve 159 borar prospektet tidleg i forhold til oppstart av produksjon på Idun.

OD vurderer det slik at samordningsavtalen som er underteikna mellom delar av utvinningsløyva 212, 212B og 262 og delar av utvinningsløyve 159 gjev grunnlag for god fleksibilitet, og ein optimal innfasing av tilleggsressursar etter kvart som det blir ledig produksjonskapasitet på produksjonsinnretninga. OD meiner utbygginga gjev tilstrekkeleg fleksibilitet til å handtere ulike ressursutfall for Skarv.

Det er OD si vurdering at produksjonsinnretninga har tilstrekkeleg fleksibilitet, kapasitet og levetid til å handtere forventa tilleggsressursar innanfor det samordna området. OD si vurdering av operatøren si løysing av fiskal måling er at denne er tilfredsstillande.

OD støttar rettshavarane sitt val av utbyggings- og transportløysing for Skarv. Utbygginga gjev tilstrekkeleg fleksibilitet og kan på sikt fungere som feltsenter for nærliggjande funn. Utbygginga er basert på kjent teknologi og ein har ikkje utfordringar med å bore i reservoar med høg temperatur og høgt trykk. Det er difor mindre sannsyn med forseinkingar og kostnadsoverskridingar på grunn av teknologikvalifisering og boretekniske utfordringar. Det er likevel ein fare for at store utbyggingsprosjekt som Skarv vert forseinka og difor får kostnadsoverskridingar. Sannsynet for at dette skal skje aukar på grunn av stor aktivitet i leverandørmarknaden. Det skal også nyttast ein nybygd borerigg, og ein kan risikere forseinkingar i bygginga av denne.

OD finn det vanskeleg å samanlikne kostnadsestimata med tilsvarande utbyggingsprosjekt på grunn av store endringar i kostnadsnivået i det siste.

OD meiner operatøren tek tilstrekkeleg omsyn til ytre miljø gjennom dei teknologiske løysingane som er valt. Det vil vere viktig å følgje erfaringane med låg-NOx -teknologi for LM2500-turbinane på Alvheimfeltet. Konklusjonane derfrå kan gje føringar for Skarv sitt val og bruk av låg-NOx -teknologi.

OD sine økonomiske utrekningar er omtala i kap. 2.5. Desse viser at OD meiner det er samfunnsøkonomisk forsvarleg å byggje ut Skarv.

6.3 Olje- og energidepartementet si vurdering av plan for utbygging og drift

Skarv vil vere eit viktig bidrag til å oppretthalde norsk produksjon av petroleum.

Dei forventa totale investeringskostnadene for Skarvprosjektet er av operatøren rekna til i overkant av 31 mrd. kroner. Lønsemdsutrekningane viser at utbyggingsløysinga gjev god lønsemd. Preinvesteringane som er gjort har departementet samtykka i under føresetnad av at dei ikkje legg føringar for styresmaktene si godkjenning av prosjektet.

Det er gjort sensitivitetsutrekningar som viser sannsynet for endra forutsetnader i ressursar, driftskostnader, nedside i oljevolum i reservoaret, produktprisar og investeringar. Departementet vurderer det slik at prosjektet er tilstrekkeleg samfunnsøkonomisk lønsamt og robust, men utrekningane viser at prosjektet er sensitivt for endringar i produktprisar og investeringskostnader. Skarvfeltet vil gje betydelege inntekter dersom oljeprisen held seg på eit høgt nivå og reservoaranslaget vert som forventa.

Den framlagte utbyggingsplanen vil etter departementet si vurdering medverke til god ressursforvalting. Samordninga av utvinningsløyva som vart gjort i forkant av innlevering av utbyggingsplanen gjev insentiv til å fase inn prospekt i nærområdet til Skarv- og Idunfunna på ein optimal måte.

Det er utarbeida ei konsekvensutgreiing for prosjektet som viser at prosjektet kan bli gjennomført innanfor akseptable rammer for miljø og samfunn. Det har ikkje kome fram noko i høyringsfråsegnene som tilseier at ytterlegare avbøtande tiltak bør bli sett i verk.

Utslepp av miljøfarlege stoff med produsert vatn er framleis betydeleg på norsk sokkel. Miljøstyresmaktene vil vurdere å stille skjerpa krav til reinsing av produsert vatn og/eller injeksjon dersom vassproduksjonen på Skarv aukar utover det som ligg til grunn for plan for utbygging og drift, eller dersom det nasjonale nullutsleppsmålet ikkje vert nådd.

Operatøren har vurdert ulike kraftløysingar for Skarv, og funne at eit turbinanlegg på skipet er den beste løysinga. Departementet deler dette synet. Operatøren har vurdert kraft frå land til produksjonsinnretninga. I dag er det ikkje naudsynte tekniske løysingar for dette, og det er store teknologiske utfordringar og store kostnader knytt til å utvikle og teste ei teknologisk løysing for kraft frå land. Spørsmål om tilknyting av petroleumsanlegg til kraftsystemet på land må vidare vurderast opp mot utviklinga i kraftforsyninga nasjonalt og regionalt. Skulle det bli teknisk mogleg for prosjektet å hente kraft frå land, ville Nord-Trøndelag i fylgje operatøren vore den mest aktuelle staden for tilknyting til kraftsystemet. Nord-Trøndelag inngår i Midt-Noreg som er ein region med ein utfordrande kraftsituasjon dei næraste åra. Søndre del av Nordland kan geografisk sett også vere eit aktuelt område dersom tilknyting til kraftsystemet på land skulle vere aktuelt, og måtte då vurderast. Ein tilfredsstillande kraftbalanse og forsyningstryggleik i den aktuelle regionen i åra framover avheng av utviklinga i forbruk og produksjon og av overføringsevna i nettet. Tilknyting til kraftsystemet på land krev anleggskonsesjon etter energilova. Vidare kan tilknyting til kraftsystemet på land medføre behov for lokale og regionale forsterkningar av nettet, slike prosjekt kan vere omstridte og det tek difor tid å få fram fullgode konsesjonsvedtak. Departementet meiner difor at det på det noverande tidspunkt ikkje er føremålstenleg at Skarv får krav om å knytte seg til kraftsystemet på land.

Departementet meiner det er viktig å kome eit steg vidare i utviklinga av teknologi for kraftoverføring til havs. Dette kan kome til nytte også på andre felt. Departementet vil difor påleggje rettshavarane i Skarv å gjennomføre eit program, gjerne i samarbeid med andre aktørar, som skal leggje til rette for utvikling av teknologi for overføring av store kraftmengder til produksjonsskip. Programmet skal bli forelagt styresmaktene innan utgangen av 2008.

Operatøren har føreslådd å leggje ei driftsstøtteeining med ansvar for logistikk, innkjøp, vedlikehald og modifikasjonar i tilknyting til forsyningsbasen i Sandnessjøen. Dei resterande funksjonane ved driftsorganisasjonen vil bli samlokalisert med BP sine øvrige driftsorganisasjonar i Stavanger for å drage nytte av synergiar mellom desse og vere nær eit breidt lokalt fagmiljø for ekstern rekruttering. Helikopterbasen i Brønnøysund vil bli nytta til personellfrakt. Dette kan gje samordningsgevinstar med Statoil si personellfrakt til Nornefeltet som allereie går frå Brønnøysund.

Operatøren vil leggje ein del funksjonar til Stavanger, men også ein god del til Helgeland. Dette gjev ein god balanse mellom å nytte eigen organisasjon, samtidig som det blir bygt opp ein organisasjon i tilknyting til Skarv i nærleiken av feltet. Denne løysinga gjev bod om interessante ringverknader og ei styrkjing av basemiljøet i Sandnessjøen og industrimiljøet på Helgeland. Departementet er positiv til denne løysinga for driftsorganisasjonen og baseverksemda på Skarv og sluttar seg til forslaget frå operatøren.

Til forsida