St.prp. nr. 54 (2003-2004)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Godkjenning av nytt materiellprosjekt (kapittel 1760)

2.1 Kjøp av Taktisk Data Link-16 (LINK-16)

Forsvaret er i ferd med å innrette seg mot å bli eit nettverksbasert forsvar på line med våre nærmaste allierte i NATO. For å sikre interoperabilitet med våre allierte og for å følgje utviklinga innanfor transformasjonen av NATO, er det naudsynt å skaffe seg LINK-16 til overføring av eit felles situasjonsbilete mellom Forsvaret sine taktiske einingar, og mellom nasjonale og allierte einingar. Eit felles situasjonsbilete vil gje ein raskare avgjerdsprosess, der avgjerdene er baserte på felles forståing av den aktuelle situasjonen. Dette er føremonar som ikkje berre vil gjelde for det nasjonale forsvaret, men òg for norske styrkar som opererer saman med allierte styrkar i internasjonale operasjonar.

Prosjektet vart første gong omtala i St.prp. nr. 1 (2002-2003), under prosjekt i konsept-, definisjons- eller utviklingsfasen. Her vert både formålet og målet for prosjektet presentert. Det vart, av omsyn til tidsplanen for bygginga av dei nye fregattane og den alt vedtekne modifiseringa av F-16 jagarflya, fremja to delprosjekt for å skaffe til vege LINK-16 til desse plattformene. Desse prosjekta vart godkjende av Stortinget gjennom å auke kostnadsramma for fregattprosjektet og oppgraderingsprosjektet for F-16, ref. Innst. S. nr. 225 (2002-2003), jf. St.prp nr. 50 (2002-2003). Vidare inngår LINK-16 i prosjektet for dei nye Skjold-klasse MTB'ane, som Stortinget godkjende gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 11 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 82 (2002-2003). I St.prp. nr. 1 (2003-2004) informerte departementet om at hovudprosjektet vil verte lagt fram for Stortinget så snart den naudsynte avgjerdsdokumentasjonen er utarbeidd og har vore til ekstern kvalitetssikring.

Prosjektet vil skaffe til vege LINK-16 til dei resterande jagarflya og luftvernsystemet NASAMS. Hærens kommandoplassar og den foreslåtte ISTAR-kapasiteten vil verte knytte til LINK-16-nettverket ved at dei får mobile kommunikasjonsmodular, som kan nyttast både nasjonalt og internasjonalt. Kommunikasjonsmodulane kan òg nyttast til å understøtte styrkebidrag frå andre forsvarsgreiner i internasjonale operasjonar. I tillegg må ein skaffe seg naudsynt bakkeutstyr, utdannings- og treningsmateriell og logistikkstøtte.

For å etablere LINK-16-kapasitet, er det naudsynt med mindre organisatoriske endringar innanfor den eksisterande organisasjonen i Forsvaret. I tillegg vil det verte etablert eit øvingsområde for LINK-16 utanfor Ørlandet, der ein kan trene på nettverksbaserte operasjonar, også i samarbeid med allierte styrkar. Noreg vil på denne måten kunne tilby ein øvingskapasitet som er etterspurt i NATO.

Prosjektet har vore kvalitetssikra eksternt. Dei største utfordringane i prosjektet er knytte til integrasjon av LINK-16 til dei eksisterande kommando- og kommunikasjonssystema. Det er elles tryggleik knytte til sjølve LINK-16- terminalane, då desse er skaffa direkte frå amerikanske styresmakter.

Som følgje av ein viss risiko i prosjektet, er det etablert ei kuttliste.

Det vil bli kravd gjenkjøp i hendhald til gjeldande retningsliner for etablering og gjennomføring av gjenkjøp ved Forsvarets kjøp frå utanlandske leverandørar.

Kostnadsramma for prosjektet på post 45, er 934,4 mill. kroner. Gjennomføringskostnadene på post 01, er 98 mill. kroner. Kostnader knytte til eigedom, bygg og anlegg (EBA) på kapittel 1710, post 47, er på 13,6 mill. kroner. Totalprosjektet si kostnadsramme er 1 046 mill. kroner.