St.prp. nr. 54 (2003-2004)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

4 Informasjonssaker (kapittel 1760)

4.1 Prosjekt 5036 Panserbekjemping - middels rekkevidde - Nedjustering av kostnadsramma

Prosjektet vart godkjent av Stortinget ved handsaminga av Innst. S. nr 7 (2001-2002), jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002).

Pansernedkjemping - middels rekkevidde - er eit supplement til dei eksisterande våpensystema som har både kort og lang rekkevidde. Prosjektet skal innan 2007 skaffe til vege panserbekjempingsvåpen, med naudsynt logistikk, tilleggsutrusting, ammunisjon og utdannings- og treningssystem. Kontrakten vart inngått ultimo 2003 med ein lågare kostnad enn forventa. Kostnadsramma er difor nedjustert frå 1260 til 922 mill. kroner, på post 45. Dette er innarbeidd i dei økonomiske utrekningane som ligg til grunn for St.prp. nr. 42 (2003-2004).

Gjennomføring av prosjektet og kostnader til EBA utgjer 22 mill. kroner. Totalprosjektet si kostnadsramme er 944 mill. kroner.

4.2 Prosjekt 6088 Nye fregattar - Status for prosjektet sitt «risikobilete»

Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 207 (1998-99), jf. St.prp. nr. 65 (1998-99), med ei økonomisk ramme på 12 240 mill. kroner. Ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 192 (1999-2000), jf. St.prp. nr. 48 (1999-2000), vart prosjektet si økonomiske ramme justert til 14 066 mill. kroner. Denne justeringa inneheldt korrigeringar på grunn av endra valutakursar og faktisk priseskalering samt at ein frå dette tidspunktet òg tok med i kostnadsramma gjennomføringskostnadene for prosjektet. Omfanget til prosjektet er sidan, ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 225 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 50 (2002-2003), utvida til òg å omfatte integrasjon og installasjon av Taktisk Data Link-16 (LINK-16). Justert kostnadsramme i 2004-verdi, medrekna LINK-16 og gjennomføringskostnader, er på 16 083 mill. kroner. Bortsett frå rammeaukinga knytt til integrasjon og installasjon av LINK-16, har kostnadsramma for prosjektet ikkje hatt nokon reell auking.

I samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet om ekstern kvalitetssikring i samband med store statlege investeringar, gjennomførde Forsvarsdepartementet hausten 1999, ved hjelp av Holte Prosjekt, ei uavhengig risikoanalyse av prosjektet. På same måten gjennomførde Forsvaret ei sjølvstendig analyse og ei supplerande analyse ved hjelp av Det Norske Veritas. Dei overordna konklusjonane frå analysane vart presenterte som ein integrert del av St.prp. nr. 48 (1999-2000). I tillegg oversendte Forsvarsdepartementet rapportane frå dei to nemnde eksterne analysane til Forsvarskomiteen. Holte Prosjekt sin analyse konkluderte i hovudtrekk med at det knytter seg betydeleg risiko til fregattprosjektet og at det difor er behov for ein betydeleg risikoavsetning. I samband med handsaminga av Innst. S. nr. 192 (1999-2000) slutta Stortinget seg til forslaget frå Regjeringa med omsyn til prosjektomfang og kostnadsramme.

Forsvaret har, i samsvar med tilrådingane i Holte Prosjekt sin rapport, og i den grad det har vore mogeleg, sett i verk dei tilrådde tiltaka. Vidare har Forsvaret, som ein del av prosjektorganisasjonen for fregattprosjektet, oppretta eit eige element og ein tilhøyrande prosess for jamt å kunne evaluere risikobiletet i prosjektet og for å identifisere, implementere og følgje opp endå fleire risikoreduserande tiltak.

Som eit supplement til Forsvaret sine regulære risikoanalysar og, sett i lys av den store omstillinga som Forsvaret for tida gjennomgår, valde Forsvarsdepartementet, i samråd med Finansdepartementet, hausten 2003 å setje i verk ei ekstern gjennomgang av fregattprosjektet. Gjennomgangen har vore retta mot utvalde område i prosjektet og er utført i regi av Metier Scandinavia AS.

Metier Scandinavia AS kom 26. januar 2004 med ein førebels rapport frå første fase i gjennomgangen - ein studie av status når det gjeld prosjektdokumentasjon og innleiande risikoanalyse basert på Forsvaret sin eigen risikodatabase. Den førebels rapporten frå fase 2 - kvalitativ og kvantitativ risikoanalyse - vart lagt fram 25. februar 2004. Den overordna konklusjonen som vert trekt i desse førebels rapportane er at risikobiletet stort sett er uendra sett i høve til det som kom fram i rapporten frå Holte Prosjekt sin analyse i januar 2000. Det er behov for ei grundig gjennomgang av alle aspekt i saka før ein kan trekkje endelege konklusjonar, og før ein kan ta stilling til eventuelle ekstra risikoreduserande tiltak. Forsvarsdepartementet tek sikte på å kome tilbake til saka i St.prp. nr. 1 til hausten.