St.prp. nr. 54 (2003-2004)

Om investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

3 Bygginga av nye fregattar og utviklinga av nye sjømålsmissilar

Nytt sjømålsmissil (NSM) er eit utviklingsprosjekt som vart etablert på midten av 1990-talet med forventa avslutning i 2000, jf. St.prp. nr. 1 (1994-95). Bakgrunnen var behovet for å utvikle nye sjømålsmissilar til m.a. dei nye fregattane og dei nye MTB'ane. Det er Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) som står for utviklinga på grunnlag av ein fastpriskontrakt frå 1997. Ferdigstillinga av utviklingsprosjektet er vorte forseinka fleire gonger. Den gjeldande planen for ferdigstilling er slutten av 2005, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004).

Det har vore ein føresetnad at det skulle leggjast fram eit nytt prosjekt for sjølve nyskaffinga av missilsystemet, samstundes med avslutninga av utviklingsprosjektet. Som omtala i St.prp. nr. 1 (2003-2004) er det enno ikkje tilstrekkeleg grunnlag til å ta stilling til eit nyskaffingsprosjekt. Det vil verte lagt fram for Stortinget når avgjerdsgrunnlaget er tilfredsstillande.

Prosjektet med å skaffe til vege missilsystemet vil omfatte alle leveransar, dvs. produksjonsførebuingar, leveransar av skipsfast utstyr, testmissilar, serieproduksjonen m.v. Dermed er både fregattprosjektet og MTB-prosjektet avhengig av leveransar som høyrer til missilsystemprosjektet.

På grunn av forseinkingane i utviklingsprosjektet NSM, og at nyskaffingsprosjektet ikkje enno er starta, må ein imøtekome spesielle behov i det pågåande fregattprosjektet.

I samsvar med byggekontrakten med det spanske verftet frå 2000, skal Forsvaret for eiga rekning og risiko sørgje for at verftet under bygginga får rettidig tilgang på skipsfast utstyr, dokumentasjon m.v., som vil gjere fartøya i stand til å bruke NSM. Forsvaret har difor innhenta eit pristilbod på ein kontrakt med KDA, ein overgangsfase, som kan sikre Forsvaret si evne til å oppfylle leveranseforpliktingane i fregattprosjektet. Tilbodet medrekna pris er berre eit utgangspunkt og er gjenstand for vidare forhandlingar. Ved ei seinare framlegging av eit heilt nyskaffingsprosjekt for NSM, vil utgiftene til overgangsfasen verte lagt inn som del av kostnadsramma. I det pågåande utviklingsprosjektet NSM er det lagt til grunn at det kan verte aktuelt å starte opp førebuande tiltak i nyskaffingsfasen, før sjølve hovudkontrakten. Dette skal gjerast for å gje ein smidig overgang til serieproduksjon for å halde nede kostnader og risiko. Overgangsfasen er eit risikoreduserande tiltak i denne samanhengen.

Følgjande føresetnader skal leggjast til grunn for ei overgangsfase: Berre strengt vurdert naudsynte tiltak for å oppfylle norske kontraktsforpliktingar i fregattprosjektet skal gjennomførast før nyskaffingsfasen. Vidare vil Forsvaret i høgst mogeleg grad verte skjerma for den risikoen som er oppstått ved forseinkingane i utviklinga av NSM og for den risikoen som kan oppstå ved avvik frå planen for den attståande delen av denne utviklingsfasen.

Forsvarsdepartementet vil sjå til at Forsvaret set i verk dei naudsynte risikoreduserande tiltaka. Ved eit tilfredsstillande forhandlingsresultat tek Regjeringa sikte på at Forsvaret, i løpet av året og innan gjeldande økonomiske rammer og løyvingar, inngår ein overgangskontrakt som sikrar Forsvaret si evne til å møte sine forpliktingar i fregattprosjektet.

På denne bakgrunnen legg Forsvarsdepartementet fram forslag til fullmaktsvedtak til å inngå kontraktar som sikrar evna til å oppfylle Forsvaret sine forpliktingar i fregattprosjektet med omsyn til leveransar knytta til overflatemissilsystem (romertallsvedtak II). Som nemnt vil berre strengt naudsynte tiltak for å oppfylle norske kontraktsforpliktingar i fregattnyskaffinga gjennomførast før sjølve nyskaffingsfasen. Ein eventuell framtidig serienyskaffing av NSM vil verte lagt fram for Stortinget til handsaming på vanleg måte, og utbetalingane til overgangskontrakt vil då verte innarbeidd i den samla kostnadsramma for eit slikt prosjekt.