St.prp. nr. 56 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2001-2005)

Til innhaldsliste

2 EU-program for utvikling av den audiovisuelle industrien

EU skipa i 1991 eit tidsavgrensa støtteprogram for utvikling av den audiovisuelle industrien i Europa under namnet MEDIA 95. Målsetjinga for programmet var å fremje europeisk filmproduksjon og framsyning av europeiske program. Programmet var ei prøveordning. Ved avslutninga av MEDIA 95 var det eit ønske frå film- og fjernsynssektoren at EU skulle føre vidare ei støtteordning for den audiovisuelle sektoren.

Noreg har gjennom EØS-avtala delteke i båe dei føregåande programma MEDIA 95 og MEDIA II. Den Europeiske Unionen har vedteke å føre vidare samarbeidet om utvikling av den europeiske audiovisuelle industrien under namnet MEDIA Plus.

2.1 Nærare om programmet MEDIA Plus

20. desember 2000 fatta Rådet for den Europeiske Unionen vedtak om iverksetjing av eit program for å stimulere til utvikling og distribusjon av europeiske audiovisuelle verk MEDIA Plus 2001-2005) (2000/821/EF av 20. desember 2000). Føremålet med programmet er å utvikle ein europeisk audiovisuell industri som er i stand til å oppfylle kulturelle og økonomiske krav i informasjonssamfunnet, og sikre at naudsynte vilkår er til stades for at industrien i medlemsstatane kan bli konkurransedyktig. Programmet skal mellom anna oppmuntre til gunstig klima for initiativ og utvikling særleg i små og mellomstore bedrifter, oppmuntre til samarbeid mellom selskap og sikre betre utnytting av det industrielle potensialet for fornying, forsking og teknisk utvikling.

Rådet for den Europeiske Unionen og Europarlamentet fatta 19. januar 2001 vedtak om å iverksetje eit utdanningsprogram for yrkesutøvarar i den europeiske audiovisuelle programindustrien (MEDIA Plus - utdanning) for åra 2001-2005 (163/2001/EF av 19. januar 2001). Føremålet er mellom anna å bidra til å lette tilpassinga til industrien, å fremje utveksling av erfaringar om spørsmål som er felles for medlemsstatane og å styrkje samarbeidet med tredjestatane og organisasjonar om yrkesopplæring.

Rådet strekar under at den audiovisuelle sektoren har strategisk verde for utviklinga av eit informasjonssamfunn i Europa, og at den europeiske audiovisuelle industrien står andsynes særlege utfordringar når det gjeld distribusjon og utvikling.

Det overordna målet for MEDIA Plus er å medverke til å skape ein sterkare felles europeisk marknad for audiovisuelle tenester. Programmet skal supplere nasjonale og regionale tiltak i EØS-området. Programmet legg vekt på behov i statar og regionar som har låg produksjonskapasitet og/eller avgrensa språkleg og geografisk nedslagsfelt. Programmet legg òg vekt på omsynet til uavhengige produsentar og distributørar, behovet for å styrkje konkurranseevna til europeisk audiovisuell industri og omsynet til den europeiske kulturarven.

MEDIA Plus tok til å gjelde 1. januar 2001 og skal vere operativt ut år 2005. Budsjettet for programmet er for desse fem åra 400 mill. euro, fordelte med 350 mill. euro til distribusjon og utvikling og 50 mill. euro til utdanning.

Støtte til utvikling og distribusjon blir i hovudsak gitt som lån. Støtte til tiltak retta mot opplæring blir gitt som tilskott. Støtta kan som hovudregel dekkje inntil 50 % av dei prosjekterte kostnadene. Programmet har tre satsingsområde:

Utvikling:

Mediaprogrammet gir støtte til utvikling av drama-, dokumentar- og animasjonsprosjekt for kino og fjernsyn i fasen før produksjon. Støtta blir gitt som økonomisk og teknisk bistand til produsentar m.a. til manuskriptutvikling og utvikling av finansieringsplanar og planar for marknadsføring. Initiativ til og utvikling av seriar av prosjekt og nettverksbygging kan òg få støtte. Vidare kan prosjekt som nyttar ny teknologi (særleg multimediateknologi) og animasjonsteknikk retta mot den europeiske marknaden få støtte.

Distribusjon:

MEDIA Plus skal gi støtte til å fremje distribusjon av europeisk film, video og fjernsynsprogram i og utanfor Europa gjennom tiltak retta mot distributørar, produsentar og kinoar. Støtta skal fremje fleirnasjonalt samarbeid mellom filmprodusentar og fjernsynsselskap. Ho skal vidare styrkje tilgangen til den internasjonale marknaden for uavhengige produsentar og distributørar, både i Europa og globalt. Kostnader som fremjar fleirspråklege produksjonar som dubbing og underteksting, blir gitt særleg prioritet.

Utdanning:

MEDIA Plus skal styrkje grunnleggjande opplæring og etterutdanning for yrkesutøvarar i den audiovisuelle sektoren. Programmet skal gi støtte til opplæring i økonomisk og forretningsmessig leiing, juridiske spørsmål, utnytting av ny teknologi, manuskriptutvikling og instruksjon. MEDIA Plus skal fremje samarbeid, nettverksbygging og utveksling av kunnskap og personell mellom utdanningsinstitusjonar i dei ulikestatane.

Samanlikna med MEDIA II vil MEDIA Plus auke innsatsen for tiltak innanfor hovudområdet distribusjon og digitale format.

Kommisjonen står ansvarleg for å setje programmet i verk i samsvar med retningsliner gitt i vedlegg til Rådsvedtaka. Kommisjonen skal leie arbeidet i ein komite med representasjon frå medlemsstatane i MEDIA Plus. Kommisjonen skal leggje fram spørsmål om innretninga av MEDIA Plus for komiteen, i hovudsak etter forvaltingsprosedyren. Vi viser her til Rådet sitt vedtak 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsetjing av de nærmare vilkår for utøving av fullmakter for gjennomføring lagt til Kommisjonen.

Kommisjonen vil leggje fram utkast til retningsliner for dei einskilde tiltaka under kvart programområde for komiteen til godkjenning. Kommisjonen vil opprette eigne panel med ekspertar frå medlemsstatane som skal vurdere og gi innstilling om tildeling av midlar innanfor dei einskilde programområda. Kommisjonen fattar endeleg vedtak om tildeling. For summar over 200 000 euro (300 000 euro for programområdet distribusjon) legg Kommisjonen spørsmålet om tildeling fram for komiteen til avgjerd.

Programmet er ope for dei EFTA-statane som er tilslutta EØS-avtala, Malta, Kypros og Tyrkia. Assosierte statar i Sentral- og Aust-Europa kan slutte seg til programmet på dei vilkåra som er fastsette i deira assosieringsavtalar om deltaking i program i EU. Tredjeland kan på særskilde vilkår òg slutte seg til programmet.

Til forsida