St.prp. nr. 56 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2001-2005)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Norsk deltaking krev løyvingar over 5 år. Stortinget må difor gje samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen, jf. Grunnloven § 26, andre ledd. Island og Liechtenstein treng ikkje å gjennomføre tilsvarande prosedyrar. Eit vedtak i EØS-komiteen kan ikkje bli iverksett for alle EØS-statane i EFTA før Kommisjonen har motteke alle naudsynte notifikasjonar om at konstitusjonelle prosedyrar er gjennomførte.

Hovudregelen er at tilsvarande saker blir lagde fram for Stortinget etter vedtaket i EØS-komiteen.

Regjeringa meiner det er viktig å hindre at Noreg sinkar iverksetjinga av vedtaket og å sikre at EFTA/EØS-statane kan delta i programmet så tidleg som mogleg. Regjeringa gjer difor framlegg om at Stortinget gir samtykke til deltaking i EØS-komitéen sitt forslag til vedtak før vedtaket er fatta av EØS-komiteen. Det vil slik ikkje bli naudsynt at Noreg tek atterhald om konstitusjonelle prosedyrar. Det er ikkje venta at det vil bli gjort endringar i utkastet til vedtak i EØS-komiteen (vedlegg nr. 1). Dersom det endelege vedtaket blir vesentleg annleis enn utkastet som følgjer proposisjonen, vil saka bli lagd fram for Stortinget på ny.

Til forsida