St.prp. nr. 56 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i Fellesskapet sitt program for audiovisuell industri (MEDIA Plus 2001-2005)

Til innhaldsliste

4 EØS-komiteen sitt vedtak

EØS-komiteen tek sikte på å vedta ei endring av EØS-avtala, protokoll 31 om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomar slik at avtala omfattar MEDIA Plus i tråd med dei prosedyrane som følgjer av artiklane 86 og 98 i avtala.

Artikkel 1 i utkastet slår fast at Europaparlamentet og Rådet sine vedtak om skipinga av eit program for opplæring av yrkesutøvarar i audiovisuell sektor og rådet sitt vedtak om skipinga av eit program som skal oppmuntre til utvikling, distribusjon og marknadsføring av europeiske audiovisuelle verk (MEDIA Plus) blir innlemma i EØS-avtala, protokoll 31 artikkel 9 (4).

Artikkel 2 slår fast at vedtaket i EØS-komiteen skal tre i kraft frå 1. januar 2001 under føresetnad av at EØS-komiteen har motteke melding frå alle partar i komiteen i medhald av artikkel 103 i EØS-avtala.

Artikkel 3 slår fast at vedtaket skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidende for dei europeiske fellesskapa.

Til forsida