St.prp. nr. 58 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av 1) FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet, 2) utfyllande protokoll for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born, 3) utfyllande protokoll mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen, alle av 15. november 2000, og 4) utfyllande protokoll mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse av 31. mai 2001

Til innhaldsliste

2 Arbeidet med konvensjonen og protokollane

Spørsmålsstillingane vart sette på dagsordenen då ei politisk erklæring og ein global handlingsplan vart vedtekne på ministerkonferansen om grenseoverskridande organisert kriminalitet i Napoli i Italia i november 1994.

FNs 53. generalforsamling vedtok 9. desember 1998 å opprette ein ad hoc-komité for å utarbeide ein internasjonal konvensjon om nedkjemping av grenseoverskridande organisert kriminalitet og å utarbeide tilhøyrande protokollar om menneskehandel, menneskesmugling og skytevåpen.

Komiteen hadde til saman tolv tingingssesjonar ved FN-kontoret i Wien i tidsrommet januar 1999 til mars 2001. Den norske tingingsdelegasjonen omfatta representantar frå Utanriksdepartementet, Justisdepartementet og ambassaden i Wien. Norsk tingingsleiar var ambassadør Helga Hernes frå Utanriksdepartementet.

Konvensjonen vart ferdigtinga i juli 2000, og dei utfyllande protokollane om menneskehandel og menneskesmugling vart ferdigtinga i oktober 2000. Protokollen om skytevåpen vart ferdigtinga i mars 2001.

Konvensjonen og protokollane om menneskehandel og menneskesmugling vart vedtekne av FNs generalforsamling 15. november 2000 og vart deretter opna for underteikning i Palermo i Italia 12.-15. desember 2000. For Noreg underteikna statssekretær Øystein Mæland frå Justisdepartementet desse instrumenta 13. desember 2000.

Protokollen om skytevåpen vart vedteken av FNs generalforsamling 31. mai 2001. Tretti dagar deretter vart han lagd ut for underteikning ved FN-hovudkvarteret i New York i tida fram til 12. desember 2002. Ambassadør Ole Peter Kolby underteikna protokollen for Noreg 10. mai 2002.

Til forsida