St.prp. nr. 58 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av 1) FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet, 2) utfyllande protokoll for å førebyggje, nedkjempe og straffe handel med menneske, særleg kvinner og born, 3) utfyllande protokoll mot smugling av menneske over land, sjøvegen og luftvegen, alle av 15. november 2000, og 4) utfyllande protokoll mot ulovleg produksjon av og handel med skytevåpen og delar, komponentar og ammunisjon til desse av 31. mai 2001

Til innhaldsliste

5 Oppsummering og vurdering

Etter departementet si oppfatning er framveksten av organisert kriminalitet eit utviklingstrekk som krev mottiltak frå samfunnet si side. Denne forma for kriminalitet utgjer ein større trussel mot samfunnet og den einskilde enn annan kriminalitet, og den kan vere vanskelegare å kjempe mot. Kriminelle organisasjonar har ein hard indre justis, som gjer at miljøa blir svært lukka og dermed vanskelege å trenge inn i. Organiserte kriminelle grupper opptrer dessutan i mange tilfelle på tvers av landegrensene.

Utviklinga i dei siste tiåra med opnare grenser, internasjonalisering og teknologisk utvikling har medført ein auke i den grenseoverskridande organiserte kriminaliteten. I fleire fora, hovudsakleg på regionalt plan, har nedkjempinga av slik kriminalitet stått sentralt. Det vil vere av stor verdi å slutte seg til slike globale instrument som konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet for å få eit meir effektivt internasjonalt samarbeid om nedkjempinga av slik kriminalitet.

Protokollen om menneskehandel må sjåast som eit viktig tilskot for å styrkje arbeidet med å nedkjempe menneskehandel internasjonalt. Regjeringa prioriterer dette arbeidet høgt; det går òg fram av «Regjeringens handlingsplan mot handel med kvinner og barn (2003-2005)». Handel med menneske er ei særleg grov og alvorleg form for kriminalitet. Menneskehandel trugar offera sin rett til fridom frå slaveri, retten til å rå over eigen kropp, retten til fridom frå vanærande, audmjukande og umenneskeleg handsaming og, i ytste konsekvens, retten til liv. Dette får på ulike måtar og i ulikt omfang følgjer for dei fleste statane, anten som opphavsland, transittland eller mottakarland for handelen med menneske. For Noreg får dette følgjer først og fremst som mottakarland. Størst omfang har handelen med kvinner og mindreårige, som vert lokka eller flyktar frå fattige til rikare land i håp om ei betre framtid, men endar opp i prostitusjon eller andre former for utnytting. Det er viktig at Noreg gjev si fulle støtte til dette arbeidet.

Organisert menneskesmugling er òg eit aukande og globalt problem. Ein føresetnad for nedkjemping av slik grenseoverskridande kriminalitet er forpliktande grenseoverskridande samarbeid. Menneskesmugling har på få år vorte ei svært utbyterik form for organisert kriminalitet. Det dreier seg meir og meir om velorganiserte forbrytarsyndikat, som tener store summar på håpløysa til andre menneske. Interpol meiner at menneskesmuglarar omset for mellom 5 og 7 milliardar USD årleg, og at om lag fire millionar menneske flyttar på seg med hjelp av menneskesmuglarar kvart år. Av desse kjem om lag ein halv million til Vest-Europa. Menneskesmugling er eit omfattande problem i Noreg òg. Kriminalpolitisentralen meiner at ca. 80 prosent av dei som søkjer asyl i Noreg, har fått hjelp av menneskesmuglarar på heile eller delar av reisa til Noreg.

Gjennomføring av protokollen mot menneskesmugling vil vere ein vesentleg føresetnad for effektivisering av kampen mot denne forma for kriminalitet. Protokollen er framtinga fordi det trengst eit internasjonalt regelverk på området, og ein meiner at han vil medverke til ein meir lik praksis i menneskesmuglingssaker. Særpreget til protokollen er den globale rekkevidda. Ein ventar at han vil forplikte langt fleire statar enn andre internasjonale prosessar mot menneskesmugling som går føre seg. Mange statar med stort utvandringspotensial har alt underskrive protokollen.

Ulovleg handel med skytevåpen representerer ei anna alvorleg side ved internasjonal organisert kriminalitet, der skytevåpen ofte inngår som hjelpemiddel til å gjennomføre alvorleg kriminalitet eller til å utføre terrorhandlingar. Det vert òg drive ulovleg handel ut frå reine profittmotiv, til dømes ved at skytevåpen vert selde til ulike paramilitære organisasjonar i konfliktområde. På verdsbasis er mengda av skytevåpen som er utanfor ein forsvarleg styresmaktkontroll, svært stor. Mangelen på felles instrument og system for den lovlege handelen med skytevåpen gjer det dessutan vanskeleg å avdekkje den ulovlege handelen. Ein ventar at protokollen vil vere viktig for høvet til å førebyggje og å avdekkje den organiserte, ulovlege handelen over grensene, samtidig som eit einsarta registrerings- og merkesystem vil kunne gjere det lettare å spore skytevåpen som har vore føremål for alvorleg kriminalitet.

Til forsida