St.prp. nr. 63 (1998-99)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

1 Førtidspensjon til tidlegare tilsatte ved dei statlege spesialskolane som blei sagt opp før omstillingseininga blei skipa

I samband med at dei statlege spesialskolane blei lagde ned og dei statlege spesialpedagogiske kompetansesentra blei skipa frå august 1992, blei det eit auka behov for personar med høgre utdanning innan til dømes spesialpedagogikk og mindre trong for personar knytt til drift av spesialskolane. Dei som blei overtallige, det gjaldt særleg personar med låg kompetanse knytta til internatdrifta, gjekk over på venteløn.

Dei av personalet som var fylde 60 år, som var overtallige og ikkje hadde fått anna arbeid eller tilbod om ny stilling, fekk tilbod om førtidspensjon. Dei av personalet som ikkje var fylde 60 år, som var overtallige og ikkje hadde fått anna arbeid eller tilbod om ny stilling, gjekk då over på venteløn. Dei personane som mista arbeidet på eit seinare tidspunkt, i perioden 01.04.94 - 31.03.97, blei ført over til ein spesiell omstillingseining, som blei skipa for å hjelpe dei som ikkje hadde skaffa seg anna arbeid, omskolering, etterutdanning eller anna vidareutdanning. Desse personane fekk behalde fulle rettar som tilsette med løn, pensjonstilhøve og liknande. Dei av desse som fylte 60 år i perioden, gjekk over på førtidspensjon.

Skilnaden mellom vilkåra for dei som blei sagt opp før omstillingseininga blei skipa og dei som blei overførte til eininga, har ført til ei sterk kjensle av å vere urimeleg behandla av dei som ikkje blei omfatta av omstillingseininga.

Av dei personane som ikkje blei omfatta av omstillingseininga, går framleis omlag 50 personar på venteløn, og mange har store problem med skaffe seg arbeid. Desse opplever at dei blir handsama ulikt, då dei ikkje har fått høve til å nyte godt av dei tilboda som omstillingseininga har. Desse personane er i hovudsak kvinner med lita utdanning og som oftast er dei knytt til stader der det ikkje er lett å finne noko anna aktuelt arbeid.

For å rette opp denne skilnaden, tilrår departementet at det blir gitt fullmakt til å tilby arbeidstakarar på venteløn, som blei sagt opp før omstillingseininga blei oppretta, og som blir 60 år i perioden fram til 31.12.1999 (i overkant av 20 personar), førtidspensjon, etter reglane i lov om Statens Pensjonskasse, frå fylde 60 år og fram til dei kan få vanleg alderspensjon frå Statens Pensjonskasse. Pensjonen blir gitt som ein pensjon frå statskassa, på kap 1541. Kostnadene skal krevjast tilbake frå Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet.

Til forsida