St.prp. nr. 63 (1998-99)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

4 Greta Forsmo

Greta Forsmo har vore tilsett ved Ecole Reine Astrid/Den norske skolen i Brussel og tok difor opp spørsmålet med Statens Pensjonskasse om pensjon frå statskassa for tidsrommet 1. juli 1977 og fram til 30. juni 1979, då stillinga ho hadde gav rett til medlemskap i Statens Pensjonskasse. Søkjaren meinte at ho hadde krav på å få medrekna tida som grunnlag for pensjon frå statskassa då ho meinte at mannen hennar Johan Forsmo tidlegare hadde fått medrekna si teneste ved NATOs forsyningsorganisasjon (NAMSA) som pensjon frå statskassa, sjølv om NAMSA ikkje er ei statleg verksemd, men ein internasjonal organisasjon.

Statens Pensjonskasse gjorde søkjaren merksam på at pensjon frå statskassa utelukkande blir gitt for statleg teneste. Saka blei difor sendt over til tidlegare Planleggings- og samordningsdepartementet til avgjerd.

I svaret frå det tidlegare Planleggings- og samordningsdepartementet til søkjaren av 28. februar 1997 blei det orientert om kva som kan gje grunnlag for pensjon frå statskassa. I svaret blei det mellom anna sagt:

«Som det fremgår av Statens personalhåndbok er det tidligere tjeneste i staten som kan gi grunnlag for tilleggspensjon av statskassen. Pensjon av statskassen gis i tilfelle til arbeidstakere med flere års tjeneste i staten som av forskjellige grunner, f.eks. budsjettekniske, ikke i omhandlede tidsrom var medlem i Statens Pensjonskasse. Som det fremgår av personalhånd-boken, regnes som tjeneste i staten tjeneste i statsforvaltningen, ikke f.eks. arbeid i statsaksjeselskaper eller annen statseid virksomhet. Heller ikke kommunal tjeneste eller arbeid i virksomheter som mottar statsstøtte. Lærere i grunnskolen regnes som kommunale tjeneste-menn og undervisningspersonale i videregående skoler regnes som fylkeskommunalt tilsatte, hvis de da ikke er tilsatt ved private skoler. Styrere og lærere ved norske skoler for norske barn i utlandet ble innlemmet i Statens Pensjonskasse først fra 1.7.1979 (St. prp. nr 65 (1980-81)), og det gjelder også undervisningspersonalet ved Ecole Reine Astrid, Den norske skolen i Brussel.»

Når det gjeld søkjaren sin referanse til hennar mann, som nemnt ovanfor, blei det i brevet frå departementet sagt:

«De påberoper Dem at Deres mann, Johan Forsmo fikk medregnet ett år (1977) av sin tjeneste ved samme skole som grunnlag for tilleggspensjon til ham av statskassen. Etter en gjennomgang av saken vedrørende tilleggspensjon til Johan Forsmo, finner vi at Deres uttalelse om dette ikke medfører riktighet. I brev herfra av 28.2.1986 ble Deres mann tilstått tilleggspensjon på grunnlag av tjeneste (i Forsvaret) i årene 1951 - 1954 og for tjeneste (i NAMSA) i 1976. Deres mann tok så opp med oss i brev av 6.7.1987 at beordringsperioden/tjensten ved NAMSA ikke opphørte 31.12.1976, men først 31.7.1977, altså at denne tjenesteperioden varte 7 mndr lengre enn vi opprinnelig hadde fått opplyst av Forsvarsdepartementet. Det var for denne ytterligere tjeneste ved NAMSA at Johan Forsmo ble tilstått ekstra tilleggspensjon av statskassen, ikke for tjenesten ved omhandlede skole i Brussel.

Planleggings- og samordningsdepartementet finner med begrunnelse som nevnt foran og for øvrig på linje med avgjørelser i lignende saker, å måtte opprettholde vår tidligere avgjørelse i brev herfra av 6.12.1991 om at vilkårene for tilleggspensjon av statskassen ikke foreligger i denne saken.»

Søkjaren skriv i søknaden at hennar mann er blitt tilstått pensjon frå statskassa for si teneste i NAMSA, som heller ikkje er statleg teneste, men ein internasjonal organisasjon. Årsaka til at denne tida gav grunnlag for pensjon frå statskassa er at han hadde sitt arbeid i Forsvaret, men blei beordra til teneste i NAMSA for ein periode. Departementet meinte at fordi han blei beordra til slik teneste, vil det ikkje vere naturleg at han seinare skulle tape på det.

Greta Forsmo klaga saka inn for Stortingets ombudsmann for forvaltningen. Ombudsmannen orienterte søkjaren om at saker som Stortinget tek standpunkt til, fell utanfor arbeidsområdet til Ombudsmannen.

Søkjaren bad då departementet leggje saka fram for Stortinget til endeleg avgjerd.

Etter dei retningsliner som gjeld kan ein ikkje gje pensjon frå statskassa i slike saker.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet meiner at Greta Forsmo si teneste som tilsett ved Ecole Reine Astrid, Den norske skole i Brussel i åra 1977 - 1979 ikkje kan gje grunnlag for pensjon frå statskassa.

Til forsida