St.prp. nr. 63 (2006-2007)

Om endring i kringkastingsavgifta for 2007 og omlegging av avgiftsinnkrevjinga i NRK

Til innhaldsliste

2 Høyringa

2.1 Høyringsnotatet

I eit høyringsnotat av 31. januar 2007 presenterte departementet eit framlegg til omlegging av avgiftsinnkrevjinga i NRK som ville oppfylle stortingsfleirtalet sine føresetnader i saka. I tillegg vart det presentert to alternative modeller som høyringsinstansane også vart bedne om å kommentere. Alle dei tre modellane inneber at lisensperioden blir lagt om slik at den tilsvarer kalenderåret og meirverdiavgiftsåret. Alle modellane krev også endringar i forskrift av 23. oktober 1980 nr. 8798 om fjernsynsmottakarar.

Modell 1

Modell 1 innebar at det i 2007 blir kravd inn full kringkastingsavgift over ein periode på 10 månader. Med andre ord ville lisensbetalarane 1. september 2007 betale halvparten av fastsett årsavgift for ein periode på berre fire månader (1. september til 31. desember). Samstundes skulle det slåast fast at dersom mottakaren blir tatt ut av bruk, og dette blir meldt skriftleg til NRK før neste forfall, skulle det ikkje innkrevjast ytterlegare avgift. Dette ville sikre at omlegginga ikkje fekk økonomiske konsekvensar for lisensbetalarane.

For NRK ville forslaget gi ein positiv regnskapsmessig effekt i 2007 på om lag 550 mill. kroner. Dette ville vere ei reint regnskapsmessig endring, og ville ikkje innebere auka innbetalingar for NRK.

Modell 2

Modell 2 innebar at avgifta for 2007 blir avkorta slik at det berre blir kravd inn avgift for 10 månader. Deretter skal avgifta innkrevjast på forskott med forfall 1. januar og 1. juli. Dette føreset at avgiftsvedtaket blir fatta på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

Denne løysinga vil oppfylle pålegget frå Stortinget om å følgje kalenderåret, og gi NRK uforandra økonomi. Den oppfyller likevel ikkje føresetnaden i komitémerknaden om at innbetalingane av kringkastingsavgift skal skje akkurat som i dag. Eit anna problem med denne modellen er at Stortinget gjer vedtak om kringkastingsavgifta på eit så seint tidspunkt at det ikkje er tid til å sende ut regning i tide til å ha forfallsdato 1. januar. Ein slik modell krev dermed at vedtak om kringkastingsavgift må gjerast på eit tidligare tidspunkt enn i dag.

Modell 3

Modell 3 tilsvarte modell 2 med den skilnad at betalingstidspunkta er som i dag, dvs. 1. mars og 1. september.

For NRK ville denne løysinga innebere ein permanent reduksjon i likviditeten på om lag 550 mill. kroner. Med forventa rentenivå ville dette medføre ei svekking av resultatet med om lag 20 mill. kroner per år.

2.2 Høyringsfråsegner

Departementet har mottatt høyringsfråsegner i saka frå Barne- og likestillingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og NRK. Av desse er det berre NRK som hadde realitetsmerknader til utkastet.

NRK viser til at modell 1, som departementet gjekk inn for i høyringsnotatet, vil få store økonomiske konsekvensar for NRK:

«Å endre betalingen fra å være forskuddsbetalt til to måneders etterbetalt og fire måneders forskuddsbetalt (modell 1 og 3), vil innebære, som departementet selv peker på, et årlig inntektstap for NRK på ca 40 millioner, siden nye lisensbetalere da vil spare to måneders lisens. Skulle en slik modell bli valgt, forutsetter vi at NRK får dette kompensert. Det ville ellers medføre reduserte inntekter og en svekkelse av programtilbudet i forhold til det som er lagt til grunn i lisensvedtaket for 2007.»

NRK ønskjer difor prinsipalt å oppretthalde det systemet som gjeld i dag:

«Til tross for de problemer som innføringen og seere justering av merverdiavgiften har medført, mener NRK prinsipalt at det likevel er sterkt ønskelig å videreføre gjeldende ordning. Vi tillegger således fordelene ved en forskuddsinnkreving vesentlig større vekt enn belastningen ved den risiko det er for senere avgiftsjusteringer. [...] Den økonomiske risiko ved å videreføre gjeldende system anses ... å være relativt liten.»

Subsidiært går NRK inn for «departementets alternativ 2, hvorved siste innbetaling 2007 avkortes og innbetalingstidspunktet deretter endres til hhv januar og juli.» NRK meiner at denne modellen ikkje vil få «vesentlige økonomiske eller administrative konsekvenser for NRK».