St.prp. nr. 63 (2006-2007)

Om endring i kringkastingsavgifta for 2007 og omlegging av avgiftsinnkrevjinga i NRK

Til innhaldsliste

3 Kultur- og kyrkjedepartementets forslag

Modell 1 i høyringsnotatet er etter Kultur- og kyrkjedepartementets vurdering den einaste som fullt ut vil oppfylle stortingsfleirtalet sine føresetnader. Departementet gjekk difor inn for denne modellen i høyringsutkastet. Modellen ville ikkje få negative konsekvensar for lisensbetalarane i og med at den innebar at det same beløpet skulle innbetalast på same tidspunkt som i dag og at innbetalinga ville gi høve til å bruke fjernsynsapparatet like lenge som i dag. Omlegginga ville heller ikkje innebere noko endring for lisensbetalarar som går ut av ordninga. For nye lisensbetalarar ville framlegget vere meir gunstig enn gjeldande ordning.

Kultur- og kyrkjedepartementet viser til høyringsfråsegna frå NRK og legg til grunn at Stortinget sine føresetnader ikkje kan gjennomførast utan at det får store negative økonomiske konsekvensar for NRK, noko departementet antar ikkje har vore tilsikta frå Stortinget si side. Kultur- og kyrkjedepartementet gjer difor framlegg om ein revidert modell 2:

  1. Kringkastingsavgifta for 2007 blir avkorta med eit beløp som svarer til kringkastingsavgift for to månader.

  2. Innbetalinga 1. september 2007 gjeld fram til 31. desember 2007, noko som vil gå fram av innbetalingsblanketten.

  3. For framtida blir kringkastingsavgifta betalt i to ratar med forfall 31. januar og 31. juli. Innbetalingane vil gjelde høvesvis første og andre halvår.

Departementet legg til grunn at denne modellen samla sett vil ivareta dei ulike omsyna på den beste måten. Hittil har heile kringkastingsavgifta blitt betalt på forskott med forfall 1. mars og 1. september. Det vert no lagt opp til at deler av kringkastingsavgifta skal betalast på etterskott med forfall 31. januar og 31. juli. Betaling på etterskott inneber auka rentekostnader for NRK, og det er difor ikkje lagt opp til ytterlegare etterskottsbetaling ved å oppretthalde forfallstidspunkta som i dag samstundes som lisensperioden vert endra. Etter framlegget i proposisjonen vil lisensbetalarane bli kompensert for omlegginga av lisensperioden ved at siste innbetaling i 2007 vert redusert tilsvarande kringkastingsavgift for to månader. Dette krev endring av avgiftsvedtaket for 2007.

Modellen vil gi betre samsvar mellom Stortingets årlege budsjettvedtak og NRKs periodisering enn dagens ordning inneber, og sikrer at NRK kan inntektsføre heile inntekta frå kringkastingsavgifta i kalenderåret i samsvar med Stortinget sine føresetnader.

Avkortinga av avgifta for 2007 vil svekke NRKs likviditet med 600 mill. kroner, noko som vil påføre NRK ei auka rentekostnad på om lag 10 mill. kroner. Dette kan utliknast ved at avkortinga av kringkastingsavgifta blir redusert med fem kroner. Departementet gjer difor framlegg om at kringkastingsavgifta for 2007 blir sett til 1 628 kroner ekskl. meirverdiavgift.

Saken må leggjast fram for Stortinget på nytt, både fordi føresetnadene frå budsjettvedtaket for 2007 ikkje kan oppfyllast fullt ut, og fordi avgiftsvedtaket for 2007 må endrast.