St.prp. nr. 63 (2006-2007)

Om endring i kringkastingsavgifta for 2007 og omlegging av avgiftsinnkrevjinga i NRK

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

For lisensbetalarane vil omlegginga innebere at andre termin av kringkastingsavgifta for 2007 blir avkorta med eit beløp som svarer til kringkastingsavgift for to månader. For seinare år vil innbetalingstidspunkta bli framskynda frå 1. mars og 1. september til 31. januar og 31. juli.

For NRK inneber omlegginga at kringkastingsavgiftsåret vil svare til meirverdiavgiftsåret. Dette betyr at det ikkje lenger vil skje nokon faseforskyving mellom innbetalt kringkastingsavgift og opptent meirverdiavgift.

Avkortinga av kringkastingsavgifta for 2007 med eit beløp tilsvarande kringkastingsavgift for to månader vil gje NRK eit likviditetstap på om lag 600 mill. kroner. Dersom ein legg til grunn ein rentesats på 5 pst. vil dette påføre NRK ei auka rentekostnad på om lag 10 mill. kroner i 2007. Dette vert utlikna ved at avkortinga av kringkastingsavgifta blir redusert med fem kroner.

Omlegginga vil også føre til lågare likviditet for NRK i 2008. Departementet kjem attende til denne saka i St.prp. nr. 1 for 2008.

Endeleg kringkastingsavgift for 2007 blir difor sett til 1 628 kroner ekskl. meirverdiavgift. Avgifta gjeld perioden 1. mars til 31. desember 2007, dvs. ti månader. Over 12 månader ville dette gitt ei samla kringkastingsavgift på 1 953 kroner, ekskl. meirverdiavgift.