St.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB) oppretta Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF) i 1973. Noreg har vore medlem i fondet sidan starten, og har delteke i alle fondspåfyllingane. Spørsmålet om norsk medlemskap er behandla i St. prp. nr. 104 for 1972-73, jf. Innst. S. nr. 327 same året. Stortinget gav sin tilslutnad til medlemskapen 6. juni 1973.

Hovudmålsetjinga til fondet er å finansiere fattigdomsreduserande tiltak i låntakarlanda. Låna frå fondet er rentefrie (med eit mindre administrasjonsgebyr), og har opptil 50 års nedbetalingstid medrekna ein avdragsfri periode på 10 år. Ein stor del av fondsmidlane skal no tildelast som gåver.

Både AfDF og AfDB er med i Afrikabankgruppa, med felles styre og administrasjon. I praksis seier ein ofte ”banken” enten det er snakk om AfDF, AfDB eller begge. Det øvste vedtaksorganet er guvernørstyret, som møtest ein gong i året. ­Mellom årsmøta er banken leidd av eit styre på 18 eksekutivdirektørar, 12 frå regionale medlemsland og 6 frå ikkje-regionale medlemsland. Saman med Sveits og India utgjer dei nordiske landa ei eiga valgruppe med felles eksekutivdirektør i bankstyret. Stillingane som eksekutivdirektør, rådgjevar og assistent roterer mellom medlemslanda i valgruppa. Fram til juli 2007 er eksekutivdirektøren norsk. Dei nordiske landa samarbeider tett i saker som gjeld viktige politikkområde i banken.