St.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X)

Til innhaldsliste

3 Forhandlingsprosessen

Det første forhandlingsmøtet var i februar 2004 og forhandlingane vart avslutta i København i desember 2004 etter til saman 4 forhandlingsmøte. I forhandlingane deltok representantar for 23 gjevarland og 4 afrikanske land var med som obser­vatørar. Forhandlingsleiar var Sven Sandstrøm, Sverige.

Eit viktig grunnlag for forhandlingane var resultatet av ei uavhengig evaluering 1av verksemda i AfDF i dei tre føregåande påfyllingsperiodane (1996-2004). Evalueringa vart lagd fram under det andre møtet. Av to grunnar gjekk ikkje evalueringa direkte inn på effekten av prosjekt og støtte som AfDF har stått bak: for det første er bruken av midlane spreidd over mange år, og dei er framleis berre delvis utbetalte – den fulle effekten vil melde seg endå seinare. For det andre er det så godt som uråd å fastslå samanhengen mellom oppnådde resultat og innsatsen til kvar utviklingsaktør. Målet med evalueringa var i staden å vurdere støtta frå fondet ut frå det som vert rekna som god praksis internasjonalt. Utgangspunktet i 1996 var ein institusjon i krise; banken var svak finansielt, overadministrert og ineffektiv. Evalueringa konkluderer med at dei institusjonelle reformene som seinare er gjennomførte, det strategiske rammeverket og prosessane og utviklingsprogramma som har styrt bruken av påfyllingsmidlane, har vore i tråd med god praksis. Andre evalueringar har stadfest ei klar kvalitetsbetring i prosjektporteføljen til AfDF. Samtidig som det vert slege fast at banken no er ein langt meir kostnadseffektiv, finansielt stabil, slagkraftig, selektiv og resultatorientert utviklingsinstitusjon, peikar evalueringa på at det står att mange utfordringar når det gjeld mellom anna desentralisering, analyse- og forskingskapasitet, underbemanning, landfokus og komparative fordelar. Tilrådinga i evalueringa er todelt; for det første må dei gjennomførte reformene konsoliderast og uløyste utfordringar taklast, dernest må fondet auke aktiviteten markant og få tilført meir ressursar. Utan ein kraftig ressursauke vil ikkje AfDB kunne leve opp til dei ambisjonane regionale medlemsland har for institusjonen.

Evalueringa la grunnlaget for ein substansiell diskusjon om framtida til institusjonen, der tre ulike forslag til nivå for påfyllinga reflekterte dei ”vegvala” rapporten meinte at gjevarane no stod overfor. Den klare tilrådinga om ein markert auke vs. alternativet med konsolidering og ”status quo” kom til uttrykk i det høgste og det lågaste forslaget, med ein auke frå AfDF-IX på høvesvis 65 prosent og 30 prosent. Det budsjetterte norske bidraget var basert på ein auke på 65 prosent.

Elles stod spørsmålet om å auke gåvedelen av påfyllinga sentralt i forhandlingane. Dette var eit viktig punkt også under dei parallelle forhandlingane om påfylling av IDA, og ei vidareføring av det initiativet USA fremja sist det vart forhandla om påfylling av utviklingsfonda. Denne gongen var det fokusert på utrekningar av kva eit utviklingsland kan tole av gjeld – og dermed kor stor del av støtta som bør gjevast som gåver, i motsetnad til den meir vilkårleg fastsette delen under AfDF-IX.

Eit anna viktig tema i forhandlingane var oppretting av eit eige fond for sletting av gjeld i tidlegare konfliktramma land med sikte på snarleg tilbakevending til normal verksemd og støtte i desse landa. Vidare har banken lansert fleire initiativ for å sikre betre tilgang til vatn og sanitærtenester i Afrika.

Som ei følgje av forslaga i evalueringa vart også tema som auka kapasitet til forsking og analyse, bruk av budsjettstøtte og sektorprogram, harmonisering og resultatstyring mykje diskuterte. Ein eigen handlingsplan vart utarbeidd parallelt med forhandlingsprosessen for å styrkje desse sidene ved institusjonen.

Fotnotar

1.

”Stepping up to the future: An Independent Evaluation for African Development Fund VII, VIII, IX”, utført av ei gruppe spesialistar under leiing av Dr. Keith Bezanson, direktør ved Institute for Development Studies (IDS), Sussex, ­England