St.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X)

Til innhaldsliste

4 Sluttresultatet av forhandlingane

Dei operasjonelle føringane vert fastlagde gradvis gjennom forhandlingane og nedfelte i ein rapport som oppsummerer resultatet. Dei strategiske føringane for fondet under AfDF-X er:

  • Fattigdomsreduksjon er framleis overordna, og Tusenårsmåla skal vere referansepunkt.

  • Selektivitet og koordinering. Komparative fordelar skal framhevast og innsatsen harmoniserast med andre utviklingspartnarar.

  • Styrkt eigarskap hos mottakar, mellom anna gjennom større innsyn og brei deltaking i prosjektførebuingar.

  • Støtte til tidlegare konfliktramma land. Gjennom oppretting av det spesielle fondet for gjeldslette vil ein kunne vere meir offensiv på dette feltet.

  • Innsyn og antikorrupsjon. Tiltak vil bli innførte for å gjere AfDB leiande blant regionalbankane når det gjeld innsyn.

Med brei semje om at Tusenårsmåla er grunnleggjande for innsatsen i fondet, vart det ikkje vedteke radikale endringar frå AfDF-IX med omsyn til dei operasjonelle føringane som skal liggje til grunn for verksemda under AfDF-X:

  • Utvikling i landbruk og på landsbygda, utdanning og helse skal framleis ha høgste prioritet og komparative fordelar definerast betre.

  • Primærutdanning og -helse vil vere spesielt prioritert.

  • Vatn og sanitær blir eit svært viktig område for dei initiativa som vert sette i gang.

  • Innsatsen for godt styresett skal aukast, ikkje minst på bakgrunn av den viktige rolla banken spelar i New Partnership for Africa’s Development (NEPAD).

  • Privat sektor. Fokus vil vere på små og mellomstore bedrifter, og mikrofinans vil stå meir sentralt.

  • Regional integrasjon. Også her har banken ei viktig rolle innanfor NEPAD og 15 prosent av AfDF-X vil vere øyremerkt regionale og multinasjonale prosjekt og program.

  • Likestilling og berekraftig miljø. Omsynet til desse skal innarbeidast og varetakast i alle prosjekt.

For å hindre at medlemslanda legg seg til større gjeld enn dei kan handtere, vart det vedteke å basere fordelinga av gåver og lån på eit rammeverk utvikla av IMF og Verdsbanken, med nokre tilpassingar for AfDF. Rammeverket inneber at ein analyserer og rangerer kvart lands evne til å ”tole” gjeld ut frå fastsette kriterium, og at gåvenivået vert fastlagt ut frå dette. Førebels utrekningar viser at av dei 40 AfDF-landa som er aktuelle, vil 26 land få all støtte i form av gåver, 11 land vil berre få lån og 3 land vil få omtrent halvparten av kvar. Det er venta at nærare 44 prosent av AfDF-midlane vil bli ytt i form av gåver. Auka gåvenivå inneber at fondet vil få redusert tilbakeføring av midlar frå utlån. Det vart difor vedteke at gjevarlanda skal kompensere dette ”tapet” i seinare påfyllingar – når inntektsbortfallet gjer seg gjeldande. Det vert understreka at ein frå norsk side ikkje har forplikta seg når det gjeld framtidige kapitalpåfyllingar i denne omgangen.

På bakgrunn av dei føreslegne scenaria for ”vegval” i banken vedtok gjevarane at ein markant auke i påfyllingsnivå var nødvendig, og nivået vart sett til 3,657 milliardar Units of Account (UA) (tilsvarer Special Drawing Rights – SDR), medrekna ressursar genererte internt i AfDB, eller om lag 37 milliardar kroner. Dette gjev ein auke på 43 prosent i høve til den førre påfyllinga, men det er likevel første gongen ein passerer nivået for AfDF-VI (1991-93).

Det var fleire endringar i tilskota frå enkeltland i høve til AfDF-IX, med ein stor auke frå mellom andre Frankrike, som no er største bidragsytar, og Storbritannia. USA, Japan, Tyskland, Danmark og nokre andre reduserte sin del av påfyllinga med tilvising til både budsjettkrav og negativ kursutvikling for nasjonal valuta i høve til UA.

Noreg vart ståande med same prosentdel som i tidlegare påfyllingar, 3,54 prosent, og gav i tillegg eit ekstratilskot på 120 millionar kroner som m.a. vil kunne vere med på å styrkje bankens nye initiativ for vatn og sanitærtenester i rurale område i Afrika, eit område vi er opptekne av å støtte. Dette medverka dessutan til å redusere gapet mellom målsetjinga for påfyllinga og det faktiske resultatet, og til ein forsterka tekst i sluttrapporten frå forhandlingane som forpliktar gjevarane til å finansiere tapt tilbakebetaling av lån som følgje av auka gåvenivå.