St.prp. nr. 66 (2004-2005)

Om samtykke til at Noreg deltek i den 10. påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-X)

Til innhaldsliste

5 Det norske tilskotet til påfyllinga

Kvart lands tilskot til fondspåfyllinga vert fastsett i UA. Det norske tilskotet til kjernepåfyllinga er på 120 501 954 UA. Omrekningskursen mellom valutaen i gjevarlandet og UA er bestemt ut i frå eit gjenomsnitt av dagskursar over ei 6-månaders periode som vert fastsett som ein del av forhandlingane. For AfDF-X blei dette april-september 2004, og omrekningskursen for Noreg er sett til 1 UA lik 10,043895 kroner. Det norske bidraget til AfDF-X utgjer dermed omlag 1 210 millionar kroner, som skal innbetalast over tre år (2005-2007). I tillegg kjem det frivillige norske bidraget på 120 millionar kroner, til saman drygt 1 330 millionar kroner. Dette gjev ei årleg utbetaling på ca. 443 millionar kroner. For 2005 er løyvingsbehovet innarbeidd i regjeringsforslaget til statsbudsjett, jf. St.prp.nr.1 (2004-2005), for Utanriksdepartementet. Det vil bli gjort framlegg om at dei budsjettmessige konsekvensane for seinare år blir dekte innanfor den bistandsramma som til kvar tid gjeld.

Saka får ingen administrative eller økonomiske konsekvensar utover betalinga av det norske bidraget.