St.prp. nr. 69 (2005-2006)

Om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2006 mv.

Til innhaldsliste

2 Regulering av statspensjonane per 1. mai 2006 og andre pensjonsforhold

2.1 Pensjonar

Ved handsaminga av St.meld. nr. 29 for 1985-86 føresette Stortinget at pensjonar skal regulerast i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Dette vart første gang gjort med verknad frå 1. mai 1986 og seinast 1. mai 2005.

Grunnbeløpet i folketrygda vert i ein eigen stortingsproposisjon foreslått auka frå 60 699 kroner til 62 892 kroner frå 1. mai 2006. Dette medfører ein meirkostnad for dei faste statspensjonane på 83,123 mill. kroner, av dette er 0,506 mill. kroner på kap. 1541, 79,770 mill. kroner på kap. 1542, 1,065 mill. kroner på kap. 1546 og 1,782 mill. kroner på kap. 1547.