St.prp. nr. 73 (2006-2007)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-­komiteen om innlemming i EØS-avtala av ramme­programmet til EU for forbrukarpolitikk (2007–2013)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om rammeprogrammet

Avgjerda inneber ei vidareføring av det andre rammeprogrammet (2003–2006) for aktivitetar på forbrukarområdet, men med ei rekkje endringar og nye føresetnader. Det første forbrukarprogrammet galdt i tidsrommet 1999–2003, og vart mellom anna innført for å gje ein klarare heimel for at Fellesskapet skal kunne finansiere aktivitetar i forbrukarsektoren. EFTA-EØS-statane har teke del i programmet frå og med år 2000.

Det nye programmet har følgjande hovudmål: Å sikre eit høgt nivå for forbrukarvern, særleg gjennom betre kunnskapsgrunnlag, og betre konsultasjon med og representasjon frå forbrukarinteresser. I tillegg skal det sikrast ein effektiv bruk av regelverka for forbrukarvern, spesielt gjennom samarbeid om handheving, informasjon, utdanning og tvisteløysing.

Midlane under programmet skal nyttast til å finansiere aktivitetar på følgjande område:

  • Innhenting, utveksling og analyse av kunnskap for å få eit betre grunnlag for tiltak

  • Vitskapleg rådgjeving og risikoevaluering

  • Bruk av juridisk og teknisk ekspertise, og seminar, konferansar osv. i samband med regelverkstiltak

  • Økonomisk støtte til europeiske forbrukarorganisasjonar og organisasjonar som tek hand om forbrukarinteressene i standardiseringsarbeidet

  • Opplæring av europeiske, nasjonale og regionale forbrukarorganisasjonar

  • Samarbeid mellom nasjonale handhevingsstyresmakter for regelverk om tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane

  • Vurdering av nasjonal gjennomføring av viktige forbrukarregelverk

  • Informasjon, rådgjeving og tvisteløysing

  • Forbrukarutdanning

I lys av røynslene frå det førre programmet er det gjort ei rekkje endringar og nye føresetnader i det nye programmet:

Såkalla «specific projects» (forsking/utgreiing/framskaffing av kunnskap) vil ikkje lenger kunne få støtte. Før har einskildpersonar og institusjonar kunna søkje om prosjektmidlar, men ordninga er funnen å gje lite utbytte i høve til innsatsen. Elles vidarefører framlegget i store trekk dei eksisterande aktivitetane og innsatsområda. Satsinga på opplæring av NGO-ar, særleg i dei nye medlemsstatane, vil verte vidareførd. Det vert framleis nytta store ressursar på nettverket for europeiske forbrukarkontor (ECC-Net).

I det nye programmet skal mykje av det administrative og operative arbeidet setjast ut til ei eiga avdeling i EUs byrå for helse, som skal vere under styring frå Kommisjonen.

Hovudregelen er at tilskot til samarbeidsaktivitetar mellom Kommisjonen og medlemsstatane ikkje skal overstige 50 %. Det vert opna for finansiering med opptil 70 % for prosjekt som har «eksepsjonell nytteverdi». Unntak omfattar støtte til organisasjonar som tek hand om forbrukarinteressene i standardiseringsarbeidet (95 %), og eit nytt tiltak for å utvikle ein europeisk mastergrad i forbrukarfag (80 %).

Det skal framleis utarbeidast årlege arbeidsprogram. Desse inneheld særleg prioriteringar av tiltaksføremål, fordelinga av det årlege budsjettet på ulike typar tiltak, tidsplan for utlysing av midlar, framlegg til fellestiltak mellom Kommisjonen og medlemsstatane, kriterium for å søkje om midlar og ramme for den årlege tildelinga av midlar. Den rådgjevande komiteen som er knytt til programmet, skal handsame og uttale seg om arbeidsprogrammet og dei ulike framlegga som ligg i dette.