St.prp. nr. 74 (2003-2004)

Om trygdeoppgjeret 2004

Til innhaldsliste

3 Verknader av framlegget til pensjonsregulering

Meirutgiftene ved framlegget om å auke grunnbeløpet med kr. 1 917 frå 1. mai 2004 jamført med reglar og satsar før 1. mai 2004, vert på om lag 3 250 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til pensjonane pr. 1. mai 2004, jf. St.prp. nr. 72 (2003-2004). Om lønnsregulering for arbeidstakere i det statlige tariffrådet 2004 mv.

Ein auke i gjennomsnittleg grunnbeløp på 0,1 prosent frå 2003 til 2004 kostar 154 mill. kroner over statsbudsjettet i 2004. Fordi auken vert gjeven frå 1. mai krev det ein auke i grunnbeløpet på 0,15 prosent frå denne datoen. Det fører til at årsverknaden av ein slik auke i 2004 vert om lag 230 mill. kroner i 2005. Kostnadane for kommunane på grunn av auka pensjonskostnadar er ikkje rekna med her.

Tabell 3.1 syner utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering, medan tabell 4.1 viser inntektsutviklinga før skatt for pensjonistar og lønstakarar frå 1998 til 2003.

Tabell 3.1 Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1.1.1990 - 30.04.2005. Kroner

Minstepensjon
EinslegeEkteparUnge uføre født før 1941
Pr. årPr. mnd.Pr. årPr. mnd.Pr. årPr. mnd.
1.01.90-30.04.9051 8394 32083 9726 99856 7484 729
1.05.90-30.11.9054 2204 51887 9607 33058 9804 915
1.12.90-30.04.9154 3784 53288 2177 35165 29015 4411
1.05.91-30.04.9256 9784 74892 1587 68075 68826 3072
1.05.92-30.04.9358 5834 88294 7527 89685 77537 1483
1.05.93-31.12.9359 8684 98996 8168 06887 64847 3044
1.01.94-30.04.9459 8684 989101 08858 424587 64847 3044
1.05.94-31.12.9461 1165 093103 2008 60089 48447 4574
1.01.95-30.04.95661 5125 126103 9928 66689 48447 4574
1.05.95-30.04.9663 3725 281107 1368 92892 1847 682
1.05.96-30.04.9766 2405 520111 9849 33296 3608 030
1.05.97-30.04.98769 3605 780117 4569 788105 6128 8018
1.05.98-30.04.99981 3606 780140 04011 670112 7529 396
1.05.99-30.04.0084 2047 017144 91212 076116 6769 723
1.05.00-30.04.0188 0327 336151 51212 626121 99210 166
1.05.01-30.04.0292 1007 675158 52013 210127 63210 636
1.05.02-30.04.0397 1408 095167 20813 934134 61611 218
1.05.03-30.04.04101 9648 497181 2001015 100141 30011 775
1.05.04-30.04.05105 4088 784190 2481115 854146 06412 172

1 Frå 1.01.1991.

2 Frå 1.01.1992.

3 Frå 1.01.1993 (p.g.a. hevinga av aldersgrensa).

4 Født før 1943 (1.01.26-31.12.42).

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.94. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

7 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.97. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).

8 Auking av garantert poengtal frå 3 til 3,3.

9 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.98. Ordinær sats er 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunnbeløpet.

10 Utrekninga tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er økt frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003

11 Utrekninga tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er økt frå 0,8 G til 0,825 G frå 1. mai 2004

Kjelde: Kjelde: Rikstrygdeverket