St.prp. nr. 74 (2003-2004)

Om trygdeoppgjeret 2004

Til innhaldsliste

5 Skattereglane for pensjonistar i 2004

Dei særlege skattereglane for pensjonistar i 2004 er i hovudsak ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Alderspensjonistar

Frå og med den månaden skattytaren fyller 70 år, får han kvar månad eit særfrådrag i inntekta. I 2004 er fullt særfrådrag 1 530 kroner pr. månad, dvs. 18 360 kroner for heile året. Har skattytaren etter fylte 67 år teke ut alderspensjon etter § 19-4 i folketrygdlova, har han òg rett til slikt særfrådrag. Skattytarar mellom 67 og 70 år som ikkje har teke ut full alderspensjon, får særfrådraget avkorta. Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt, dvs. inntekta som ligg til grunn for utrekninga av felles-, kommune- og fylkesskatt.

Pensjonistar med avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til særfrådrag.

Uførepensjonistar

Skattytarar som får førebels uførestønad etter folketrygdlova § 12-16, tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, skal i 2004 ha eit særfrådrag i inntekta på 1 530 kroner pr. månad, tilsvarande 18 360 kroner for heile året. Dersom arbeidsevna er nedsett med mellom halvdelen og to tredelar, skal vedkomande ha eit halvt særfrådrag. Særfrådraget vert gitt i allmenn inntekt.

Særskild skatteavgrensingsregel

For skattytarar som har rett til fullt særfrådrag etter dei reglane som er nemnde ovanfor, skal ein ikkje rekna ut skatt når den allmenne inntekta til skattytaren før særfrådrag er under 88 600 kroner for einslege og 143 800 kroner for ektepar. Ved utrekning av inntekta skal ein leggja til 2 prosent av skattepliktig formue over 200 000 kroner.

Dersom inntekta ligg over dei fastsette skattefrie grensene, skal ein i utgangspunktet rekna skatt av heile inntekta etter dei ordinære reglane for pensjonistar. Skatten skal likevel ikkje overstiga 55 prosent av den allmenne inntekta (før særfrådrag) over den skattefrie beløpsgrensa. Skatten vert på denne måten avgrensa til maksimalt 55 prosent av den allmenne inntekta som ligg høgare enn beløpsgrensene.

Denne regelen gjeld òg for skattytarar som tek i mot overgangsstønad, etterlatnepensjon eller avtalefesta pensjon (AFP). Den særskilde skatteavgrensingsregelen vert brukt ved utrekning av trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt. Regelen vert ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt mv. i 2004 er 3 prosent.