St.prp. nr. 74 (2003-2004)

Om trygdeoppgjeret 2004

Til innhaldsliste

6 Krigspensjonering

Utgiftene til krigspensjon etter lov av 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersonar (§ 19) og lov av 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar (§ 25) vert dekka av staten.

Under kap. 660, post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2004 løyvd respektive 263 mill. kroner og 651 mill. kroner.

Pensjonane skal etter tilleggslova av 29. juni 1951 nr. 34, regulerast som for statspensjonane, dvs. i takt med grunnbeløpet i folketrygda. For 2004 vert det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 15 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjonane vert samordna med pensjonar frå folketrygda. Det vert gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 21 mill. kroner for 2004.